Rett å ta forskingsjukset opp igjen

Det tener UiO-leiinga til ære at dei har bestemt at denne saka skal gjennomgåast på nytt for å finna ut om det er noko i påstandane frå den kvinnelege forskaren om at den omtalte medisinprofessoren både pressa henne ut av forskargruppa og publiserte forskingsresultata hennar som sine eigne, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

NY GRANSKING: Skuldingane mot ein medisinprofessor for å ha drive med forskingsjuks, skal opp til ny handsaming i Forskingsetisk utval. Ei rett avgjerd av universitetsleiinga, meiner Uniforum-redaktøren. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Colourbox

Universitetet i Oslo har avgjort at skuldingane om forskingsjuks mot ein prislønna medisinprofessor skal opp til ny behandling i Forskingsetisk utval ved UiO. Ifylgje den nyutnemnde leiaren for utvalet, Anne Inger Helmen Borge, skal handsaminga starta i oktober, og i november vil utvalet ha konklusjonen klar.

Det tener UiO-leiinga til ære at dei har bestemt at denne saka skal gjennomgåast på nytt for å finna ut om det er noko i påstandane frå den kvinnelege forskaren om at den omtalte medisinprofessoren både pressa henne ut av forskargruppa og publiserte forskingsresultata hennar som sine eigne. Avgjerda til universitetsleiinga tyder også på at dei ikkje er nøgde med den sakshandsaminga Forskingsetisk utval gjorde då den først var oppe i utvalet. «– Saken er oversendt Forskningsetisk utvalg for en ny vurdering. Universitetsledelsen ønsker å sikre at samtlige anførsler fra partene blir behandlet. Utvalget er derfor bedt om særlig å se på de forhold som ikke tidligere er realitetsbehandlet og konkludert om, skreiv prorektor Ragnhild H. Hennum i ein sms til Uniforum den dagen det først blei kjent at saka ville koma opp til ny behandling i Forskingsetisk utval ved UiO. 

Det var først då Uniforum skreiv om saka i juni, at forskingsombod Peter Kierulf ved Det medisinske fakultetet fekk stadfesta at  kvinna sin dokumentasjon i saka tidlegare ikkje var blitt vurdert. Forskarombodets konklusjon var difor at UiO-leiinga måtte opna saka på nytt og vurdera all dokumentasjon som ligg føre.

Universitetsleiinga har enno ikkje forklart kvifor dei no vil ha ei ny vurdering av saka. Men den kvinnelege forskaren som klaga inn medisinprofessoren, gir æra til Uniforum. – Det er klart at det er på bakgrunn av omtalen i Uniforum at saka no blir tatt opp på nytt, sa ho nyleg til Uniforum.

Professor i medisinsk etikk, Jan Helge Solbakk meiner at det var rett å gi saka ei ny behandling i Forskingsetisk utval. – Både vedkommende som ble anklaget og frifunnet, klageren som mener seg ikke hørt og institusjonen selv, som ikke fulgte sine egne spilleregler når de gransket saken, vil tjene på dette. Ingen av de tre har godt av den tvilen som nå råder, sa Solbakk. Det er me heilt einige med professoren i.

Derfor synest me det er både viktig og rett at UiO-leiinga no ser at det finst dokumentasjon i denne saka som ikkje er blitt behandla i Forskingsetisk utval, og har avgjort at utvalet må sjå på saka på nytt. 

Som ansvarleg redaktør for Uniforum, synest eg det er grunn til å minna om at det var Uniforum som først skreiv om denne saka i juni. Gjennomslaget saka har fått, viser også kor viktig det er for heile UiO med ei redaksjonelt uavhengig universitetsavis.

 

 

Av Martin Toft, ansvarleg redaktør for Uniforum
Publisert 23. sep. 2016 05:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere