På tide med kvinnelege rektorkandidatar

Det er på tide at Universitetet i Oslo får sin andre kvinnelege rektor etter Lucy Smith, når Ole Petter Ottersen går av neste år, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

FØRSTE KVINNE: Lucy Smith var UiOs første kvinnelege rektor. No er det på tide at fleire kvinner stiller som rektorkandidatar, slik at UiO kan få sin andre kvinnelege rektor, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Foto: Ola Sæther

I vår vedtok Universitetsstyret å setja ned ein komité som skal jobba for å skaffa best moglege kandidatar til rektorvalet i april 2017. Universitetsstyret avgjorde i går at alle dei aktuelle kandidatane må ha professorkompetanse.

Neste år vil det vera 19 år sidan Lucy Smith gjekk av som rektor ved Universitetet i Oslo. Frå 1993 til og med 1998, var Lucy Smith Universitetet i Oslos første og til no også den einaste kvinnelege rektoren. Og under dei fem rektorvala som er blitt haldne sidan den gongen, har det berre vore ein kvinneleg rektorkandidat. Det var i 2005, då psykologiprofessor Fanny Duckert stilte opp. Under rektorvalet neste år bør det stilla opp kvinnelege rektorkandidatar.

Frå 1999 til no har det vore fire UiO-rektorar, og alle har vore menn. Men sidan den gongen er fleirtalet av studentane på nesten alle fakultet, kvinner. Noreg har fått sin andre kvinnelege statsminister, Næringslivets hovudorganisasjon har fått sin første kvinnelege toppleiar, medan Landsorganisasjonen har fått kvinneleg toppleiar for andre gong. Dessutan kan USA denne hausten for første gong velja ei kvinne til president.

Det er derfor på tide at Universitetet i Oslo får sin andre kvinnelege rektor, når Ole Petter Ottersen går av neste år. Me er sikker på at den nyoppretta rektorvalkomiteen har mange flinke personar i kikkerten, mellom dei også fleire kvinner. Om dei treng ei handsrekning, vil me gjerne foreslå Trine Syvertsen, tidlegare dekan ved Det humanistiske fakultetet og noverande professor i medievitskap og dessutan ekstern styreleiar for Høgskulen i Oslo og Akershus. Det er dessutan svært lenge sidan Universitetet i Oslo har hatt ein rektor frå humaniora. Den siste var Inge Lønning frå Det teologiske fakultetet. Også avtrappande dekan Berit Karseth ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet, kan vera ein aktuell rektorkandidat.

Om dei vil han ein kvinneleg kandidat frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, vil det vera naturleg å spørja Inger Sandlie, professoren i molekylærbiologi som fekk UiOs innovasjonspris i 2011. I fjor fekk ho Inven2s ærespris for å ha vore den første som har levert over 100 nye idear til innovasjonsselskapet. Ho er fødd i 1953, ho er altså langt yngre enn begge dei to som ynskjer å bli president i USA. Og vervet som rektor ved Universitetet i Oslo, kan sikkert vera slitsamt nok, men likevel mykje rolegare enn å styra USA frå Det kvite hus. Ja, ho kan til og med rekkja å vera rektor i to valperiodar før ho blir pensjonist.

Også ved Det medisinske fakultetet, finst det godt kompetente kvinner, som kan gjera ein god jobb som rektor ved UiO. Mellom dei er dei to prodekanane Hilde Irene Nebb og Ingrid Os. Likevel er det lite truleg at ein ny rektor vil koma frå Det medisinske fakultetet i den neste rektorperioden, av di fakultetet har hatt to rektorar som vil ha fungert i til saman 11 år, når Ole Petter Ottersen går av neste sommar.

Andre kvinnelege kandidatar kan dermed vera både teologidekan Aud Valborg Tønnessen og dagens prorektor Ragnhild Hennum. Medan teologidekan Aud Valborg Tønnessen har sete i vervet i snart to år, er Ragnhild Hennum blitt godt varm i trøya, først som viserektor og seinare som prorektor. Ho kjem dessutan frå stillinga som professor i offentleg rett ved Det juridiske fakultetet. Mange peikar også på tidlegare prorektor og viserektor Inga Bostad, som no er direktør for Norske senter for menneskerettar. Men Inga Bostad har tidlegare sagt klart ifrå om at ho ikkje er aktuell.

Uniforum har også vist til andre aktuelle kandidatar, som er menn. Mellom dei er Mat.nat.-dekan Morten Dæhlen og tidlegare jussdekan Hans Petter Graver. Medan sistnemnde har sagt klart ifrå at han ikkje ynskjer å stilla, har ikkje Mat.nat.-dekanen avvist tanken.

Nokon trur dessutan at biologiprofessor Nils Christian Stenseth kan tenkja seg å stilla. Han markerte seg også i media den tida han var preses i Vitskapsakademiet. Han er fødd i 1949, så han kan få med seg ein rektorperiode, viss han vil stå på til han er 71.

Me håpar likevel at rektorvalkomiteen kan trekkja fleire kandidatar opp frå hatten, og minst halvparten av dei bør vera kvinner. Universitetet i Oslo må visa at universitetet også er leiande på å bringa dyktige og flinke kvinner fram til toppverv.

Det aller viktigaste er likevel at det blir ein reell kamp om rektorvervet og at kandidatane har klare visjonar om kva dei ynskjer å få til, om dei blir etterfølgjaren til dagens rektor, Ole Petter Ottersen. Då kan me sjå fram til ein frisk og levande rektorvalkamp.

 

Emneord: Rektorvalg, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 19. okt. 2016 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere