På rett spor for vald rektor

Med ei ny god valordning, kan det henda at UiO også vil bli eit førebilete for andre lærestader som vil halda fram med vald rektor, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

FORSVAR FOR VALD REKTOR: Om dei berre plukkar ut ein kandidat, slik som er tilfelle før dei fleste dekanvala ved UiO, vil det ikkje bli meir demokrati, men langt mindre demokrati enn det UiO har i dag. Me ser fram til å sjå kva som til slutt blir den endelege modellen, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft. På biletet held UiO-rektor Ole Petter Ottersen eit innlegg til forsvar for vald rektor.

Foto: Ola Sæther

Medan regjeringa helst vil ha tilsette rektorar på alle universitet og høgskular, står Universitetet i Oslo og rektor Ole Petter Ottersen framleis på barrikadane og forsvarar ein modell med vald rektor.

 I dag kan kven som helst bli rektorkandidat ved UiO, så lenge dei er støtta av 20 personar som har stemmerett på universitetet.  

Det viktigaste forsvarsvåpenet UiO vil ta i bruk, er Underdal-utvalets hybridmodell for rektorval. Det inneber ein kombinasjon frå både val og tilsetjing.  

Universitetsstyret er no i ferd med å gå gjennom ein valmodell som både har ein valkomité som skal søkja etter både interne og eksterne kandidatar, og som til slutt kan enda opp med ei innstilling. I dag kan kven som helst bli rektorkandidat ved UiO, så lenge dei er støtta av 20 personar som har stemmerett på universitetet.  

Om det blir stilt kvalifikasjonskrav til kandidatane, vil det truleg ikkje vera mogleg for studentar å stilla som rektorkandidat.

Om den nye modellen skal gjelda frå rektorvalet i 2017, må Universitetsstyret ta ei rask avgjerd. Difor har forslaget fått ein høyringsfrist til 25. mai, men samtidig arbeider administrasjonen vidare med å greia ut modellen.

Det var stor usemje om kven som skal sitja i ein valkomité, men alle var einige om at komiteen ikkje skal rangera dei aktuelle kandidatane. Om det blir stilt kvalifikasjonskrav til kandidatane, vil det truleg ikkje vera mogleg for studentar å stilla som rektorkandidat, slik Torkil Vederhus gjorde under rektorvalet i 2013.

UiO-rektor Ole Petter Ottersen kom under diskusjonen også med ei god grunngjeving for kvifor det var viktig å ta vare på modellen med vald rektor på Universitetet i Oslo:

"Det viser seg at når viktige verdier settes under press er det uomtvistelig at det er universitetene som har valgt ledelse som forsvarer de verdiene. "

Den som er vald til rektor har dessutan eit mandat frå heile universitetssamfunnet til å forsvara dei verdiane som eit universitet står for.

Det trur me han har rett i. Den som er vald til rektor har dessutan eit mandat frå heile universitetssamfunnet til å forsvara dei verdiane som eit universitet står for, ikkje minst akademisk fridom, ytringsfridom og å driva fri og uavhengig forsking, som viser at tinga ikkje alltid er slik som styresmaktene vil at dei skal vera.

Då er me viss på at UiO kan få ein valmodell som eit fleirtal av dei tilsette og studentane kan stilla seg bak.

Då må også ein mogleg valkomité ha med representantar frå både vitskapleg tilsette, teknisk-administrative tilsette og studentane. I tillegg bør det også vera med eit par eksterne representantar. Då er me viss på at UiO kan få ein valmodell som eit fleirtal av dei tilsette og studentane kan stilla seg bak.

Og det viktigaste er at ein slik komité finn minst to kandidatar. Om dei berre plukkar ut ein kandidat, slik som er tilfelle før dei fleste dekanvala ved UiO, vil det ikkje bli meir demokrati, men langt mindre demokrati enn det UiO har i dag. Me ser fram til å sjå kva som til slutt blir den endelege modellen.

Med ei ny god valordning, kan det henda at UiO også vil bli eit førebilete for andre lærestader som vil halda fram med vald rektor. Då har Universitetsstyret gjort ein innsats for vald rektor som det kan vera stolt av.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold, Rektorvalg Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 12. mai 2016 16:12 - Sist endra 12. mai 2016 16:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere