Må ha betre kontroll med PR-pengar

Det er bra at UiO tar konsekvensen av at pengane har runne altfor raskt ut til dette PR-byrået og difor vil lysa ut avtalen på nytt, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Universitetet i Oslo har ein rammeavtale med PR-byrået Gambit Hill+Knowlton der UiO skal kjøpa tenester for ein million kroner i året over fire år. På dei to siste åra har Universitetet i Oslo brukt nesten tre millionar kroner kvart år på tenester utført av PR-byrået. Det kan Uniforum avsløra i dette nummeret. Så nærare seks millionar kroner har UiO betalt til PR-byrået så langt.

Ei av dei største utgiftene er ein konsulent frå byrået som Leiarstøtta ved UiO leigde inn som vikar for eit halvt år og betalte 600 000 kroner for. Den mest kuriøse utbetalinga var to talar som blei skrivne for universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe til eit møte med dei tilsette i Eigedomsavdelinga og til eit anna møte med dei tilsette i Sentraladministrasjonen. Desse to talane betalte UiO 68 000 kroner for. Arbeidet med talane hadde tatt rundt 40 timar.

Universitetsstyrerepresentant Ole Martin Nodenes peikar på at tre millionar kroner i året utgjer tre fulle stillingar, og at det er viktigare at UiO har slik kompetanse sjølv. Det er me einige med han i. Berre det faktum at UiO også måtte brifa PR-byrået om viktige interne prosessar på UiO, som til dømes Internt handlingsrom, viser at UiO må bruka ekstra tid på å læra opp eksterne folk, før dei kan yta dei tenestene som UiO betalar dei for å gjera.

I saka går det også fram at UiO no vil lysa ut rammeavtalen på nytt, slik at andre PR-byrå også får sjansen til å leggja inn nye tilbod. Det er bra at UiO tar konsekvensen av at pengane har runne altfor raskt ut til dette PR-byrået og difor vil lysa ut avtalen på nytt. Ein ting PR-byrået ikkje ser ut til å ha lært universitetsleiinga er å kunna uttala seg munnleg til pressa. I denne saka ville ikkje kommunikasjonsdirektør Marina Tofting eingong lata seg intervjua munnleg. UiO må i alle fall ha betre kontroll med bruken av pengar til PR-byrå.

Samtidig bør universitetsleiinga ta opp til ny vurdering om ikkje mange av desse tenestene heller burde kunne løysast av eigne tilsette med god kjennskap til Universitetet i Oslo. Det ville vera ein fin måte å visa fram at dei set pris på kompetansen til eigne tilsette også innanfor kommunikasjonsområdet. Trass alt har mange av dei som blir hanka inn for å utføra tenester for UiO på vegner av eit PR-byrå, ofte bakgrunn frå eit studium ved dette universitetet. Difor bør universitetet også ha ei medviten satsing for å rekruttera dei beste kommunikasjonsfolka, i tillegg til dei beste forskarane. Det vil både universitetet og samfunnet tena på i åra framover.

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Økonomi Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 28. jan. 2016 05:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere