Kastar pengar ut av vindauget

Når det blir dyrare enn før å arrangera konsertar, debattar og førelesingar med gjesteførelesarar, fungerer ikkje rammeavtalane etter formålet, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

DYR LYD: Ekstern lyd kostar UiO dyrt, mellom anna på arrangement i Universitetets aula. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

100 000 kroner meir har Seksjon for samfunnskontakt og arrangement brukt på lydteknikk i Aulaen så langt i år enn det dei ville ha gjort tidlegare år, fortel Gjøril Songvoll til Uniforum i dag. Grunnen er at ho og andre arrangørar på universitetet er pålagde å bruka rammeavtalane som UiO har med to eksterne selskap. Ho fortel at når ho må leiga inn lydhjelp til Lunsj med kultur, så kostar det mellom 6000 og 10 000 for kvar konsert. Det går ut over det totale talet på konsertar, seier ho.

– Det er bye-bye for mange konserter. Og det ville være veldig leit for alle de som kommer på lunsj-konsertene. Det går jo også ut over en hel del frilansmusikere som ikke lenger får spille hos oss, seier ho til Uniforum.

Overbibliotekar Live Rasmussen i Realfagsbiblioteket fortel om liknande konsekvensar for gjesteførelesarrarrangementa dei skipar til. Dei har også problem med å få tak i teknikarar som har den naudsynte kompetansen fordi UiO har eigne system, ikkje berre for lyd og lys, men også for data og sikring. Difor har det vore vanskeleg for dei å bruka Sophus Lies auditorium. Underdirektør Kjetil Otter Olsen ved Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT) er ueinig, og meiner at alle dei eksterne aktørane har godt kjennskap til UiOs lokale, samtidig som dei også har levert dei tekniske løysingane som blir brukte.

Dei private selskapa må heller koma inn når det er tale om tenester som Universitetet i Oslo sjølv ikkje har.

Uansett går altså den nye omorganiseringa av desse teneste ut over både studentar og tilsette ved UiO, som vil få færre kulturtilbod og færre gjesteførelesararrangement fordi det må nyttast eksterne aktørar som blir fordyrande mellomledd. Oppgåva til Universitetet i Oslo er ikkje å subsidiera private selskap når dei allereie har fast tilsette folk som kan ta seg av dei same oppgåvene. Dei private selskapa må heller koma inn når det er tale om tenester som Universitetet i Oslo sjølv ikkje har.

Slike tilfelle som me viser til her, er berre med på å stilla heile ordninga med ekstern utlysing av tilbod på universitetet i miskreditt. Når det blir dyrare enn før å arrangera konsertar, debattar og førelesingar med gjesteførelesarar, fungerer ikkje rammeavtalane etter formålet. Då må UiO halda fram med den same ordninga som har fungert veldig bra til no.

Dei er viktige brikker i arbeidet med å skapa trivsel og eit godt arbeidsmiljø på UiO

Både studentar og tilsette er strålande nøgde med både kulturarrangementa i Aulaen, Lunsj med kultur i Georg Sverdrups hus og dei fantastisk flotte vitskapsdebattane og -opplevingane som Realfagsbiblioteket skipar til. Dei er viktige brikker i arbeidet med å skapa trivsel og eit godt arbeidsmiljø på UiO. Studentar og tilsette får inntrykk av at Universitetet i Oslo bryr seg om at dei har det fint på jobben. Slike arrangement gir dei overskot og ny energi. Dei pengane som Universitetsstyret har løyvt til desse tiltaka, bør difor gå direkte til arrangementa, og ikkje til private firma, som etter Gjøril Songvolls meining, ofte er fordyrande mellomledd.

Difor håpar me at universitetsleiinga lyttar til kritikken frå Gjøril Songvoll og Live Rasmussen og ser på denne omorganiseringa på nytt. Dei fylgjene me ser no, kan vel ikkje ha vore formålet med å innføra ordninga.

 

 

 

 

 

Emneord: Kultur, Økonomi, Universitetspolitikk, Velferd på UiO Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 14. apr. 2016 05:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere