Boikott forskingssamarbeid med Israel og Saudi-Arabia om petroleum!

Me åtvarar mot at norske forskarar går inn i eit samarbeid med Israel der dei hjelper landet med å utvinna gass og olje frå den del av kontinentalsokkelen i Middelhavet som tilhøyrer det palestinske folket, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

UEINIGE: Olje- og enerigminister Tord Lien leidde ein delegasjon med forskarar på besøk i Israel. Målet var å utvikla forskingssamarbeid om olje og gass med Israel. SAIH-leiar Inga Maria Nymo Riseth meiner norske forskarar bør avstå frå samarbeid om petroleum med Israel. Begge deltok nyleg i ein debatt om samarbeid med omstridde aktørar.

Foto: Ola Sæther

I ein debatt om forskingssamarbeid med omstridde aktørar, tok førsteamanuensis Lars Gule til orde for akademisk boikott av både Israel og Saudi-Arabia.   Etter hans meining fører begge landa ein apartheid-politikk, Israel på etnisk grunnlag medan Saudi-Arabia driv med kjønnsdiskriminering.

Utgangspunktet for diskusjonen var ein delegasjon med forskarar frå NTNU som saman med olje- og energiminister Tord Lien drog til Israel for å sjå på korleis dei to landa kunne få nytte av eit forskingssamarbeid med kvarandre.   For Israel var det nyttig å få tilgang til norsk kompetanse for å utvinna gassfelt innanfor israelsk kontinentalsokkel. Problem er at eitt av gassfelta ligg innanfor palestinsk kontinentalsokkel.

Me er ikkje einige med Lars Gule i at det bør innførast ein akademisk boikott av Israel.  Mange forskarar i Israel er kritiske til eiga regjering og støttar absolutt ikkje dagens politikk overfor det palestinske folket verken innanfor Israel eller på dei okkuperte områda. 

Derimot åtvarar me mot at norske forskarar går inn i eit samarbeid med Israel der dei hjelper landet med å utvinna gass og olje frå den del av kontinentalsokkelen i Middelhavet som tilhøyrer det palestinske folket.  Der gir me full støtte til Inga Maria Nymo Riseth som er leiar for Studentane og akademikarane sitt internasjonale hjelpefond (SAIH).  Også ho meiner at Noreg ikkje bør ha forskingssamarbeid med Israel innanfor petroleum. Nymo Riseth peika på korleis Israel driv med ressursutnytting på okkupert land, noko som er ulovleg etter internasjonal lov.

Folk har rett til å ha herredøme over sine eigne naturressursar, slo ho fast. Israel har heller ikkje skrive under på FNs havrettstraktat, slik nabolanda har gjort. I dag okkuperer Israel Golanhøgdene som er syrisk land, og Israel har også uavklarte grenser til nabolanda Libanon, Egypt og Kypros og til det palestinske området Gaza. Alt dette er gode argument for at norske forskarar ikkje bør samarbeida med Israel om olje- og gassutvinning.  Det vil nemleg lett føra til at det blir for stor risiko for at det vil bidra til brot på folkeretten.

Når det gjeld Saudi-Arabia, så er det fleire gode argument for å boikotta også det landet økonomisk. Som Lars Gule peika på, så er det eit land der alle kvinner blir systematisk diskriminert. Dei praktiserer straffemetodar som til forveksling liknar dei som me kritiserer terrororganisasjonen IS for å praktisera. Dessutan fører landet ein brutal krig mot opprørarar i Yemen. Som i alle krigar går også den krigen hardast ut over dei sivile.

Difor bør Noreg heller ikkje ha forskingssamarbeid om petroleum med Saudi-Arabia.  Me bør heller ikkje eksportera varer som kan koma til nytte i krigføringa i Yemen. Noreg bør gjera det landet kan for at Saudi-Arabia endar undertrykkinga av sitt eige folk og krigshandlingane i Yemen.

Før det skjer bør både norske forskarar og norske leverandørar til petroleumsindustrien halda seg langt vekke frå å inngå avtalar også med det landet til me ser ei betring i situasjonen for menneskerettane.

 

 

Emneord: Israel, Midtausten, Midtøsten, Palestina Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 3. nov. 2016 16:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere