Alle korta må på bordet

Alle har krav på ei korrekt og rettferdig sakshandsaming, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

I dagens Uniforum fortel me historia til ein forskar som opplevde det ho kallar tjuveri av forskingsresultat frå ein kjend og prislønna medisinprofessor ved UiO. Skuldinga kom etter at forskaren var blitt stroken frå forfattarlista på ein vitskapleg artikkel ho seier byggjer på eit av hovudarbeida hennar. Medisinprofessoren hadde sett seg sjølv som sisteforfattar, det vil seia som prosjektleiar og idéhavar.

Ho leverte inn klage på den velrenommerte professoren til UiO. I byrjinga av 2009 fekk ho beskjed om at dei sakkunnige hadde konkludert med at professoren ikkje hadde gjort noko uetisk. Ved å krevja posisjonen som idéhavar hadde forskaren ekskludert seg sjølv, meinte dei.

Problemet var at konklusjonen blei gjort utan at dokumentasjonen frå forskaren var blitt vurdert, og utan at forskaren var blitt kalla inn til intervju om saka.

Ho anka avgjerda inn til Det nasjonale granskingsutvalet og til Kunnskapsdepartementet, men heller ikkje der fekk ho gjennomslag. I mellomtida hadde medisinprofessoren publisert ein ny artikkel basert på den same forskinga utan at forskaren fekk nokon informasjon verken om publiseringa eller at  ho var ekskludert frå forfattarlista. Saka er allereie handsama, var grunngjevinga forskaren fekk då ho kontakta Forskingsetisk utval ved UiO.

I 2014 tar forskaren kontakt med forskingsombod på medisin Peter Kierulf. Han er kritisk til UiOs handsaming av saka og ber Forskingsetisk utval sannsynleggjera at forskaren sin dokumentasjon også er blitt vurdert og tatt omsyn til. Han har enno ikkje fått noko svar på brevet som blei sendt for eitt år sidan.

Uniforum oppdaga denne saka gjennom eit rutinesøk i Kunnskapsdepartementets offentlege journal. Forskaren har bede Uniforum om å lata vera å bruke namnet hennar og namna på dei tidlegare kollegaene hennar. Grunnen er at ho er redd for kva fylgjer det vil få for den framtidige forskarkarrieren hennar ved UiO.

Uniforum har difor valt ikkje å gå ut med namn i denne saka, bortsett frå namna til dei som har hatt ansvaret for sakshandsaminga. Me tar heller ikkje stilling til om forskaren har rett i skuldingane mot medisinprofessoren. Han er kjent med skuldingane frå forskaren og har fått tilbod om å kommentera saka i Uniforum, men har takka nei, fordi han reknar saka som avslutta.

Saka er likevel prinsipielt viktig fordi den viser at det er tatt ei avgjerd om at det ikkje er skjedd noko uetisk, utan at dokumentasjon frå den eine av partane er lagt på bordet. Slik Uniforum kjenner saka, er konklusjonen i det store og heile basert på informasjon frå den innklaga professoren.

Alle har krav på ei korrekt og rettferdig sakshandsaming. At det ikkje har skjedd i denne saka, stadfestar også dei to som var sakkunnige då saka var oppe i det nasjonale granskingsutvalet. Difor er det så viktig at UiO no vedgår at sakshandsaminga ikkje har gått rett føre seg, og går gjennom saka på nytt. Alle korta må på bordet. Berre på den måten kan både forskaren og medisinprofessoren få ei endeleg avgjerd som står til truande.

 

 

 

 

Emneord: Etikk, Arbeidsforhold, Medisin Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 9. juni 2016 06:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere