Valreglementet må endrast

Det viktigaste tiltaket som kan setjast i verk for at valoppslutnaden på UiO skal bli større, er at alle dei tilsette  sine stemmer på UiO tel likt, meiner ansvarleg redaktør Martin Toft

 

Eit fleirtal på Stortinget har gått inn for at tilsett rektor med ekstern styreleiar skal vera normalordninga på universitet og høgskular. Likevel kan institusjonar som ynskjer det, halda fram med vald rektor som også er styreleiar. Styra for institusjonane kan avgjera dette med simpelt fleirtal. Dermed kan både Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø halda fram med vald rektor, medan mellom andre NTNU og Høgskulen i Oslo og Akershus kan ha tilsett rektor, slik som i dag.

Uniforum synest det er svært viktig at ordninga med vald rektor held fram på Universitetet i Oslo.  Etter vår meining er eit rektorval kvart fjerde år med på å skapa interesse for universitetet og kva prioriteringar universitetet bør gjera i åra framover. Gode debattar kan få fram viktige meiningsskilnader mellom rektorkandidatane, og oppslag både i Uniforum og i Universitas og andre aviser kan gi endå meir liv i rektorvalkampen. At ein tilsett rektor kan styra universitetsskuta betre enn ein vald rektor, finst det ikkje vitskapleg dokumentasjon for. Det er like stor risiko for at eit universitet kan vera uheldig med ein tilsett rektor som med ein vald rektor. Handelshøyskolen BI kan visa til fleire døme på det.

Det viktigaste argumentet mot vald rektor er den låge valdeltakinga. Me er einige i at det må setjast inn tiltak for å kunna gjera noko for at fleire skal bruka røysteretten sin på Universitetet i Oslo. Rundt 15 prosent valoppslutnad mellom studentane og under 50 prosent mellom dei vitskaplege tilsette og dei teknisk-administrative tilsette under rektorvalet i 2013, er ikkje godt nok til at den som går sigrande ut av rektorvalet kan seia at heile universitetet står bak han eller henne.  Det viktigaste tiltaket som kan setjast i verk, er at alle dei tilsette  sine stemmer på UiO tel likt. Det har også fagforeininga Parat tidlegare gått inn for i ei fråsegn frå 2011.

I dag får dei vitskaplege tilsette sine stemmer ei samla vekting på 53 prosent, medan dei teknisk-administrative tilsette sine stemmer har ei vekting på 22 prosent, og studentstemmene samla får ei vekting på 25 prosent. Med andre ord bør ikkje dei vitskaplege tilsette sine stemmer få ei høgare vekting enn stemmene til dei teknisk-administrative tilsette. På den måten føler dei teknisk-administrative tilsette at dei ikkje er like høgt verdsette som arbeidstakarar som dei vitskaplege tilsette.

For å få opp interessa for både rektorvalet, dekanvala  og andre val  på UiO, bør stemmene til dei vitskaplege tilsette og teknisk-administrative tilsette få ei felles samla vekting på 70 prosent, medan studentstemmene skal telja 30 prosent. Då vil Universitetet i Oslo oppnå to viktige ting. Det kjem til å bli endå større oppslutnad om vala, samtidig som at dei teknisk-administrative tilsette ikkje lenger vil føla seg som andrerangs tilsette på UiO.  Om det må ei lovendring til for å få dette til, må den prosessen starta så fort som mogleg, slik at det blir realisert før neste rektorval i 2017.

For om ikkje valoppslutnaden aukar, kan politikarane på nytt gå gjennom ordninga med vald eller tilsett rektor, og tvinga alle institusjonar til å innføra ei felles ordning med tilsett rektor og ekstern styreleiar. Og det trur me verken tilsette eller studentar på Universitetet i Oslo er tent med.

 

Emneord: Valg, Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 19. juni 2015 05:00 - Sist endra 19. juni 2015 09:01

Vekting av stemmer blant ansatte er selvsagt problematisk og bør tas opp til ny diskusjon. Det er jeg enig i.

Men en annen, og etter min mening mer problematisk side ved valgordningen er at vi bruker preferansevalg. Man avgir som kjent sin stemme ved å rangere kandidatene fra 1-5, og hvor den ønskede kandidaten settes som nr.1. Det som skjer dersom valgkampen preges av to særlig profilerte kandidater, (slik som under valget før Ottersen ble valgt første gang) er at tilhengerne til de to sterkeste kandidatene gjensidig slår hverandres kandidat ut. De gir sin kandidat 1 og den andres 5 og ingen av disse havner dermed øverst. Den som blir valgt er den som får flest nr 2- og 3-stemmer.

Hadde vært interessant å høre om "valgordningsknuserne" på statsvitenskap er enig.

ragnarli@uio.no - 19. juni 2015 11:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere