Sjukehus og universitet hand i hand

Med ei delvis samling på Gaustad vil det vera plass til både det nye, store sjukehuset og dei framtidige, planlagde universitetsbygningane, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Før helga la Oslo universitetssykehus fram tre alternativ for korleis dei tenkjer sjukehuset bør sjå ut i framtida. I 0-alternativet vil alt bli som i dag, men med opprusting av gamle bygningar på Ullevål. Alternativ 2 er å samla heile sjukehuset på Gaustad og setja i gang med bygging av eit megasjukehus.

Det siste alternativet er ei delvis samling av sjukehuset på Gaustad, men med eit eige lokalsjukehus for Oslo, truleg lokalisert til Aker. Universitetet i Oslo og rektor Ole Petter Ottersen går inn for det siste alternativet. I eit intervju med Uniforum peikar også Ottersen på at Aker må halda fram og bli vidare bygt ut som lokalsjukehus for Oslo.

Uniforum støttar utspelet til UiO-rektoren i denne saka. Med ei delvis samling på Gaustad vil det vera plass til både det nye, store sjukehuset og dei framtidige, planlagde universitetsbygningane. I fremste rekkje står bygningen for livsvitskap som truleg vil stå ferdig i 2022.

Seinare vil truleg også Det odontologiske fakultetet få opp eit nybygg på tomta der NEMKO-bygningane står i dag. Samtidig ynskjer også UiO å ha rom for vidare ekspansjon i Gaustadbekkdalen lenger inn i framtida.

Det er difor heilt på sin plass at UiO-rektor Ole Petter Ottersen allereie no signaliserer at det er viktig at planane til Oslo universitetssykehus og planane til Universitetet i Oslo blir tilpassa kvarandre på ein god måte, slik at begge institusjonane sine visjonar for forsking og utdanning kan bli oppfylte.

Både UiO og Oslo universitetssykehus har og vil framleis ha stor nytte av eit nært samarbeid både innanfor medisinarutdanninga og den medisinske forskinga. Det er også grunnen til at UiOs rektor også sit i styret for Oslo universitetssykehus. Det er den beste garantien for å unngå at det blir interessemotsetnader mellom UiO og Oslo universitetssykehus i denne byggjesaka.

Etter planen kan byggjeprosjekta til Oslo universitetssykehus koma på mellom 26 og 38 milliardar kroner. Med ein så høg prislapp er det klart at dette ikkje er noko som styret for OUS kan bestemma åleine. Når det endelege alternativet er valt, er det først opp til Helse Sørøst, og deretter til regjeringa og Stortinget å ta endeleg stilling til det store prosjektet til direktør Bjørn Erikstein ved Oslo universitetssykehus.

Då kan det godt henda at det endar med at 0-alternativet blir vald. Det vil seia at det blir satsa på å rusta opp og vedlikehalda dagens bygningar på Ullevål, samtidig som Rikshospitalet, Radiumhospitalet og Aker sykehus held fram som i dag. Torsdag 17. desember blir dei tre reviderte alternativa presenterte for styret for OUS.

På nyåret vil ein finna ut om dei tre alternativa for sjukehuslokalisering skal gå vidare til ein konseptvalfase. Sjukehusleiinga reknar ikkje med at det blir noko endeleg avgjerd i saka før årsskiftet 2017/2018.

Det er viktig at Oslo universitetssykehus tar omsyn til UiOs interesserer også i den saka. Om dei arbeider saman, kan visjonen om ein ny, sterk bioregion i Gaustadbekkdalen i Oslo bli røyndom. Samtidig kan Aker få eit comeback som lokalsjukehus. Det vil heile Oslo vera tent med.

 

 

 

Emneord: Helse, Medisin, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 17. des. 2015 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere