Omdømmeproblem for UiO

Det ser ut som  prinsipp tel meir enn å ta vare på dei som har brukt store delar av arbeidslivet sitt på Universitetet i Oslo, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft i Uniforum.

Universitetet i Oslo måtte krypa til krossen og gå med på eit forlik med fem av dei tilsette i Norsk Ordbok den 19. juni i år. Prosjektdirektør Åse Wetås og redaktør Knut Karlsen skal fram til nyttår arbeida med å fullføra det tolvte og siste bandet i Norsk Ordbok. Deretter får dei utbetalt ei årslønn kvar.

Tre andre medarbeidarar som har fått nye jobbar, får utbetalt 80 000 kroner på deling. Om me reknar med advokatutgifter og andre utlegg i denne saka, har forliket truleg kosta Universitetet i Oslo mange millionar kroner.

Saka begynte med at 23 av dei tilsette i Norsk Ordbok fekk varsel om oppseiing for litt over eitt år sidan. Oppseiinga skulle gjelda frå 31. desember 2014. Resultatet blei at mange av dei slutta før det siste bandet av Norsk Ordbok var ferdig, og dermed vart det svært vanskeleg å bli ferdig til avtalt tid 1.mars 2015. Dessutan gjekk Norsk Tenestemannslag til arbeidsrettssak mot UiO på vegner av seks av sine medlemar i ordboka.

Om Universitetet i Oslo hadde vist litt meir fleksibilitet, kunne universitetet både ha spart pengar og fått fullført ordbokprosjektet til avtalt tid. Det aller verste er likevel omdømmetapet som Universitetet i Oslo har lide i denne saka. Det er det umogleg å setja ein prislapp på. På oss verkar det som om Universitetet i Oslo var redd for å tapa prestisje i saka.

I dette nummeret av Uniforum fortel me om ei anna sak der UiO har vist liten fleksibilitet. Den handlar om romforskaren Håkon Dahle som har vore mellombels tilsett ved UiO i elleve og eit halvt år. Han har skrive over 70 vitskaplege artiklar og fått 4000 siteringar på dei. Han er prosjektleiar for ein del av forskinga på data som kjem frå romteleskopet Planck. Dessutan har han internasjonal praksis frå universitet og forskingsinstitutt i Canada, USA, Frankrike og Danmark.

Hausten 2012 fekk han beskjed frå UiO om at han ikkje lenger kunne jobba som forskar i mellombels stilling. Sjølv om det var ledige faste stillingar som førsteamanuensis og forskar ved Institutt for teoretisk astrofysikk, meinte Universitetet i Oslo at han ikkje kunne søkja på dei stillingane fordi det ville vera ei form for opprykk.

UiO vann fram i Oslo tingrett ved å visa til eit unntak frå fireårsregelen i Tenestemannslova. Saka er anka og kjem opp i Borgarting lagmannsrett den 29. september. Då vil Håkon Dahle krevja at han får fast jobb som forskar eller førsteamanuensis ved UiO.

Både oppseiinga av dei 23 tilsette i Norsk Ordbok og varsel om oppseiing av ein romforskar som har jobba i elleve og eit halvt år som mellombels tilsett, gir eit dårleg inntrykk av Universitetet i Oslo som arbeidsgjevar.

Det ser ut som  prinsipp tel meir enn å ta vare på dei som har brukt store delar av arbeidslivet sitt på Universitetet i Oslo. Det tener UiO til lita ære. Difor bør universitetet vera meir fleksible og få til ordningar som gjer det mogleg for flinke og dyktige forskarar og andre tilsette å bli verande på UiO. I lengda vil det vera noko som universitetet vil tena på.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Personalbehandling/politikk, Universitetspolitikkk Av Ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 28. aug. 2015 14:57 - Sist endra 28. aug. 2015 14:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere