Naudsynt med impulsar frå andre land

Det er viktig og flott at UiO no set i gang ein ekstra innsats for å spreia bodskapen om alle studieplassane ved utanlandske universitet som står til disposisjon for UiO-studentar, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft.

 

I dag viser Uniforum ei liste over meir enn 35 utanlandske universitet som ikkje får fylt opp studieplassane som er øyremerkte UiO-studentar. Det er både prestisjetunge universitet i USA, Canada og Storbritannia, men også mindre kjende universitet i Latin-Amerika og Asia som ikkje får nok UiO-studentar.

Det er synd for universiteta som kan tolka det som manglande interesse frå norske studentar. Likevel er det aller mest synd for UiO-studentane som går glipp av unike moglegheiter til å bli kjende med eit nytt land, ein ny kultur og eit anna universitetssystem.

Det er nettopp i studietida ein har høve til å ta lengre opphald i utlandet og på den måten få verdifull kompetanse og kunnskap om folk og samfunn i det landet du har valt å studera i. Lånekassen og institusjonane stiller opp med reisestipend og andre støtteordningar, så ingen student vil tapa pengar på å ta eit lengre opphald i utlandet. Norske studentar får då også høve til å kommunisera på engelsk eller eit anna aktuelt språk i eit anna universitetsmiljø.

På Sophia-universitetet i Tokyo i Japan står to av dei fire studieplassane for UiO-studentar ledige. Det er plassar på engelskspråklege studietilbod. Med den etterspurnaden som finst både i næringslivet og i det offentlege om kunnskap og kjennskap til Japan, burde det ha vore stor rift om desse studieplassane. Slik er det dessverre ikkje.

Avdelingsleiar Guri Vestad i Seksjon for forskings- utdanningsstøtte og internasjonalisering lovar at UiO no skal jobba endå hardare for å få fleire UiO-studentar til å dra ut. UiO har heile tida marknadsført desse studietilboda både på eigne nettsider og i sosiale media, opplyser ho til Uniforum.

Difor trur ho løysinga ligg i å integrera eit opphald ved dei lærestadene UiO har samarbeidsavtalar  medmeir inn i utdanninga. UiO vil difor no ta kontakt med både studentar, førelesarar, fagmiljøa og andre relevante einingar for å skapa endå meir blest om desse glimrande tilboda. Det er viktig og flott at UiO no set i gang ein ekstra innsats for å spreia bodskapen om alle studieplassane ved utanlandske universitet som står til disposisjon for UiO-studentar.

Dei studentane som tar eitt eller fleire fag på eit utanlandsk universitet, lærer langt meir enn faget. Dei får også masse menneskekunnskap og lærer å bli kjende med folk i eit nytt læringsmiljø. Alt dette er lærdom som blir svært verdifull å ta med seg tilbake til UiO og seinare ut i arbeidslivet. Impulsar frå andre land er rett og slett naudsynte for alle studentar.

Oppfordringa vår til studentane er difor: Kom dykk ut av Oslo og opplev ein studiekvardag i utlandet!

 

 

Emneord: Studentsaker, Studenforhold, Internasjonalisering Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 23. apr. 2015 15:13 - Sist endra 23. apr. 2015 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere