Naudsynt med betre kvalitetskontroll av alle vitskaplege tidsskrift

Det er viktig at det blir sett i verk ein utvida internasjonal kvalitetskontroll av alle  vitskaplege tidsskrift, uavhengig av publiseringsplattform, skriv Uniforum-redaktør  Martin Toft.

BETRE KONTROLL: Det er naudsynt med ein utvida internasjonal kvalitetskontroll av alle vitskaplege tidsskrift, uavhengig av publiseringsplattform, skriv Uniforum på leiarplass. (Illustrasjonsfoto)

Foto: iStockphoto/Tor H. Monsen

Medisinforskarane Michael Bretthauer og Erlend Hem meiner Universitetet i Oslo har ei naiv haldning til publisering i opne tidsskrift på nettet. I eit lesarinnlegg i Aftenposten og i eit intervju i dette nummeret av Uniforum viser dei til at våren 2012 skulle forskarane ta tilbake kontrollen over publiseringa og knusa pengegriske forlag gjennom å bruka såkalla «open access»-tidsskrift. Dei synest begge at tanken om at forsking utført av offentleg lønna forskarar skulle vera fritt tilgjengeleg, var god.

Men dei heller malurt i begeret til tilhengjarane av satsinga på fritt tilgjengelege tidsskrift. Dei peikar på at medan det er lesarane som må betala for artiklane i dei tradisjonelle vitskaplege tidsskrifta, er det forskarane sjølve som må betala mellom 10 000 og 20 000 kroner per artikkel i dei opne tidsskrifta på nettet.

Det fører til at dess fleire artiklar som blir publiserte, dess meir tener dei som gir ut tidsskrifta. Dei hevdar begge at dei nye forlaga berre er ute etter økonomisk inntening, medan dei tradisjonelle, tidsskriftforlaga satsar på redaksjonell kompetanse og utvikling.

UiO-rektor Ole Petter Ottersen avviser at Universitetet i Oslo har ei naiv haldning til dei ope tilgjengelege tidsskrifta på nettet. Han meiner det er naivt å tru at ein kan halda på det tradisjonelle publiseringssystemet. – Da trykkekunsten ble utviklet for snart 600 år siden, var det også motstand og debatt, seier han til Uniforum.

Me er heilt einige i at det ikkje er nokon veg tilbake til det tradisjonelle publiseringssystemet som store multinasjonale forlag har og hadde full kontroll over. Dei er heller ikkje mindre interesserte i økonomisk inntening enn forlaga som gir ut opne tilgjengelege tidsskrift på nettet.

Universitetsbiblioteka må betala svært høge abonnementsprisar og må samtidig godta å få tilsendt vitskaplege tidsskrift som dei ikkje er interesserte i for at dei skal få bli abonnentar på dei prestisjetunge tidsskrifta som Science, Nature, The Lancet og PNAS (Proceedings of the National Academy of Sciences) Samtidig gir mange av desse forlaga også ut vitskaplege tidsskrift som er fritt tilgjengelege på nettet, der forskarane må betala for å få publisert ein artikkel.

Truleg er det ikkje spørsmålet om ein vitskapleg artikkel blir publisert på nett eller i papir som avgjer kvaliteten. Den norske kreftforskaren Jon Sudbø publiserte sine vitskaplege artiklar i The Lancet. Seinare blei det avslørt at han hadde drive med forskingsfusk for å koma fram til funna i desse artiklane.

Det finst mange andre døme på at vitskaplege artiklar som heller ikkje har halde mål, er blitt publiserte både i dei tradisjonelle tidsskrifta, som Nature og Science og i ope tilgjengelege tidsskrift på nett.

Det som er klart er at det er langt lettare no enn før å etablera eit vitskapleg tidsskrift på nett. Alle er slett ikkje seriøse. Difor er det viktig at det blir sett i verk ein utvida internasjonal kvalitetskontroll av alle desse vitskaplege tidsskrifta, uavhengig av publiseringsplattform. Berre på den måten vil det vera mogleg å hindra at vitskaplege artiklar som ikkje er kvalitetskontrollerte, blir publiserte.

 

 

Emneord: Forskningsformidling, Forskning, Forskningspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 5. nov. 2015 05:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere