Museum for framtida

Difor skal både regjeringa og universitetsleiinga ha honnør for at dei no har sett fortgang i prosessen som kan gi både Oslo og Noreg nytt veksthus, klimasenter og eit vikingtidsmuseum for framtida, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

 

Denne månaden har det på kort tid skjedd to svært viktige hendingar for Universitetet i Oslo.

Først kunngjorde regjeringa at det skal lysast ut ein internasjonal arkitektkonkurranse om bygging av eit nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy. Og i førre veke kunne Uniforum melda at regjeringa har bede Statsbygg om å setja i gang eit forprosjekt for nytt veksthus ved Naturhistorisk museum på Tøyen.

I tillegg skal det prosjekterast eit klimasenter som skal liggja i nærleiken av nytt veksthus. Klimasenteret skal finansierast med ei gåve på 50 millionar kroner frå investor Jens Ullveit-Moe.

Desse tre prosjekta blir ikkje berre eit kjempeløft for Universitetet i Oslo, men også for Noreg. I dag er ikkje Vikingskipshuset godt nok til å visa fram verdas einaste intakte vikingskip som ein svært viktig del av verdas kulturarv. Likevel kjem turistar i hopetal til Oslo for å sjå vikingskipa og dei andre fantastiske gjenstandane frå vikingtida. Og dei dukkar opp trass i at Vikingskipshuset ikkje har dei same flotte fasilitetane som nye og moderne museum i Noreg og andre land.

Med kravet om at arkitektteikningane må inkludera dagens vikingskipshus i eit vikingtidsmuseum, vil det bli mogleg å få til eit museum som både tar vare på det beste frå Arnebergs vikingskipshus, og samtidig kan ta i bruk moderne formidlingsmetodar på resten av museet. Det vil også bli råd å samla andre fornminne frå vikingtida i det nye museet, skattar som har vore skjulte for publikum fram til no på grunn av plassmangel.

Etter å ha venta sidan 1930-talet på å få nytt veksthus på Tøyen, ser det no ut til at draumen endeleg kan gå i oppfylling. Statsbygg har fått i oppdrag å laga eit forprosjekt for nytt veksthus. Dermed vågar både dei tilsette og UiO-rektor Ole Petter Ottersen å tru at også dette prosjektet kan bli ein realitet ikkje så altfor langt inn i framtida.

Eit eige klimasenter finansiert av investor Jens Ulltveit-Moe skal også vera med i planen. Håpet er at dei to prosjekta kan utfylla kvarandre og tena både forsking, undervisning og formidling av kunnskap om klima og klimaendringar.

No gjeld det å få alle desse prosjekta i mål så fort som mogleg. UiO og Noreg har venta lenge nok på nytt veksthus og på eit vikingtidsmuseum på Bygdøy. Difor skal både regjeringa og universitetsleiinga ha honnør for at dei no har sett fortgang i prosessen som kan gi både Oslo og Noreg nytt veksthus, klimasenter og eit vikingtidsmuseum for framtida. Det vil vera svært gode investeringar.

 

Emneord: Museene, Veksthus på Tøyen, Vikingskipshuset Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 18. sep. 2015 00:01 - Sist endra 18. sep. 2015 00:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere