Milliardsluket må tettast igjen

Med aukande arbeidsløyse over heile landet bør regjeringa ikkje lenger sitja med hua i handa og sjå på at bygningar fell saman fordi ingen prøver å setja dei i stand etter kvart som forfallet blir større og større, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

8,6 milliardar kroner. Det er den samla summen på vedlikehaldsetterslepet ved Universitetet i Oslo. 2,8 milliardar trengst til teknisk vedlikehald, medan det er behov for 5,8 milliardar til funksjonelle tilpassingar, ifylgje eigedomsdirektør John Skogen. No tar han og UiO grep for å frigjera kapital for å kunna setja i gang arbeidet med vedlikehald utan å venta på meir pengar frå staten.

Det eine som skal gjerast er å selja forskarbustadene. Det reknar John Skogen med at UiO vil få mellom 100 og 150 millionar kroner for. I tillegg skal kanskje Tøyenfondet avviklast, og UiO kan tømma den sparegrisen for 130 millionar kroner. Slik vil UiO få ein litt større pengebinge som kan brukast til å vedlikehalda ein del av den store eigedomsmassen.

Når det gjeld salet av forskarbustadene, inneber det ikkje at UiO ikkje lenger skal ha eit tilbod til gjesteforskarar og andre som har behov for eit krypinn i ein kortare eller lengre periode. Det har lenge vore eit konkurransefortrinn for UiO dei gongene det vil ha tak i internasjonale toppforskarar.

Meininga er at UiO i staden for å eiga forskarbustader, skal leiga dei på den private bustadmarknaden. Truleg vil heller ikkje det bli billeg, men då vil UiO i alle fall ikkje få vedlikehaldsutgiftene i fanget. Å få inn kanskje 150 millionar ved eit sal av forskarbustadene kan difor visa seg å vera eit fornuftig tiltak.

Når Kunnskapsdepartementet ikkje løyver meir samla til dei fem sjølvforvaltande universiteta enn det UiO klarer å finna ved å avvikla Tøyen-fondet, viser det at UiO gjer rett i å begynna med dette arbeidet på eiga hand utan å venta lenger på rause løyvingar over statsbudsjettet. I lengda kan det bli langt dyrare ikkje å gjera noko enn å gå i gang med naudsynte vedlikehaldsprosjekt. Både på Blindern og ved Naturhistorisk museum på Tøyen, er dette arbeidet no i god gjenge.

Med aukande arbeidsløyse over heile landet bør regjeringa ikkje lenger sitja med hua i handa og sjå på at bygningar fell saman fordi ingen prøver å setja dei i stand etter kvart som forfallet blir større og større. Regjeringa bør difor auka løyvingane til serskilde tiltak for vedlikehald av universitets- og museumsbygningar.

Med eit etterslep på 8,6 milliardar kroner berre ved UiO er det lett å spå at det samla vedlikehaldsetterslepet for dei fem sjølvforvaltande universiteta vil koma opp i mellom 15 og 20 milliardar kroner. Med mange ledige arbeidshender i heile landet, må det vera eit glimrande høve for regjeringa til å gi klarsignal for desse prosjekta no. Det vil tena heile landet, og Noreg vil få tipptopp standard på bygningane og infrastrukturen til dei fem universiteta det gjeld.

Dermed kan milliardsluket på vedlikehald av universitets- og museumsbygningane tettast igjen og samtidig gi arbeid til dei som har mista jobben i oljeindustrien eller i andre bransjar som slit økonomisk akkurat no.

 

 

Emneord: Økonomi, Bygninger, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 19. okt. 2015 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere