Bruk elbil!

Elbilordninga har dessverre ikkje slått an hos dei UiO-tilsette. Det er rart, for det er enkelt og miljøvennleg, samtidig som einingane ved Universitetet i Oslo vil spara utgifter til drosje og kjøregodtgjersle, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft.

Universitetet i Oslo har eit glimrande tilbod til alle dei tilsette. Du kan bruka elbil i arbeidstida og Eigedomsavdelinga tar heile rekninga.

Uniforum viser i ein omfattande artikkel i dag at det er veldig få på UiO som er nyttar seg av dette tilbodet. Berre 18 av UiOs rundt 7000 tilsette brukte elbilordninga i 2014.

Med rette tar UiO-rektor Ole Petter Ottersen sjølvkritikk for at korkje han eller dei næraste medarbeidarane har brukt elbil det siste året. Då elbilordninga blei etablert i 2009, oppfordra både universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og rektor Ole Petter Ottersen alle dei tilsette til å nytta seg av tilbodet.

Fem elbilar frå firmaet MoveAbout blei parkerte på eigne elbilplassar. – Me er det første universitet i Noreg som etablerer dette tilbodet, utbasunerte Bjørneboe og Ottersen den gongen.

Men ordninga har dessverre ikkje slått an hos dei UiO-tilsette. Det er rart, for det er enkelt og miljøvennleg, samtidig som einingane ved Universitetet i Oslo vil spara utgifter til drosje og kjøregodtgjersle.

Rekneskapsrapporten frå 2013 viser at universitetet sine tilsette kjørte leigebil for 594 095 kroner og drosje for 1 740 981 kroner. Dessutan blei det tilbakebetalt kilometergodtgjersle for bruk av eigen bil på 2 447 514 kroner i 2013.

Uniforum har også testa elbil for første gong, og me blei elbilfrelste. Difor skal me bruka elbil kvar gong me skal dela ut papiravisene i stativa på universitetsområda både i sentrum, på Blindern, på Gaustad og i Geitmyrsveien.

Med elbilen kjem me raskare fram i kollektivfelta i Oslo, samtidig som me kan visa i praksis at både Uniforum og UiO er opptekne av å ta vare på miljøet. På den måten får UiO gratis reklame for målet om å vera eit grønt universitet.

Det hadde blitt endå betre om UiO kunne kjøpa inn elbilar som firmabilar og hatt logoen sin på dei. Då kunne det verkeleg verta eit godt bidrag til å visa at også UiO deltar i elbilbylgja i Noreg.

Og som Uniforum har tatt opp på leiarplass tidlegare, vil det etter kvart bli mogleg å tilby parkeringsplassar berre til elbilar og hybridbilar på universitetsområda. På den måten kan store areal frigjevast til bygging av studentbustader eller forskings- og undervisningsbygg.

Dei som ikkje heilt veit om dei skal kjøpa seg ein elbil eller ikkje, har faktisk høve til å testa dei i fritida. For om du ynskjer å bruka elbilen til MoveAbout privat, kan du også det, men då må du sjølvsagt betala for det.

Me håpar så mange som mogleg av dei UiO-tilsette tar i bruk elbilordninga. Om dei ikkje gjer det, kan me risikera at det gode tilbodet vil forsvinna.

 

 

 

 

Emneord: Miljø, Arbeidsmiljø, Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 23. jan. 2015 15:53

Bil eller ikke bil: det er det det handler om.

Bil betyr uansett å frakte mer enn 1000 kg masse pr 100 kg person.

Det handler heller ikke om energi, men om entropi.

Det er neppe å vente at journalister skal forstå elementær fysikk, siden de  ikke behersker norsk.

tgs@ntnu.no - 24. jan. 2015 14:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere