Bomber er ikkje det rette svaret

Om me let overvakingspoliti og etterretningsvesen få større armslag til å kontrollera og overvaka alle innbyggjarane, blir landa våre litt etter litt, og nesten umerkeleg, mindre demokratiske og mindre liberale, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Bomber er ikkje det rette svaret

Dei siste vekene er blitt prega av terroråtaka i Paris, Beirut og bombeattentatet mot det russiske flyet i Sharm el-Sheikh. Felles for alle terroraksjonane var at den islamistiske ekstremistgruppa ISIL, stod bak.

Desse hendingane har ført til at Russland, Frankrike, USA, NATO-landa og fleire tvilsame regime i Midtausten har fått ein felles fiende. No skal det førast krig mot ekstremistane og dei skal utslettast, heiter det i retorikken både frå den franske, den amerikanske og den russiske presidenten.

Men er bomber og krigsretorikk dei retta svara for å møta trugsmåla frå ISIL?

Truleg blir langt fleire sivile enn dei ekstremistiske krigarane til ISIL, drepne. Slik vil kanskje endå fleire personar bli overtydd om at ISIL har rett når dei seier at stormaktene USA og Russland og resten av Vesten er ute etter å skaffa seg endå meir makt i Midtausten.

Og det kan kanskje lokka endå fleire unge i Europa til å dra til Syria og Irak for å gå i krigen for ISIL. Det aller verste er truleg at det kan skapa endå fleire framandkrigarar av unge, som er fødde og vaksne opp i Europa.  

Kva er det så mogleg å gjera?

Det viktigaste er at dei demokratiske samfunna våre framleis blir like opne og liberale som før. Om me let overvakingspoliti og etterretningsvesen få større armslag til å kontrollera og overvaka alle innbyggjarane, blir landa våre litt etter litt, og nesten umerkeleg, mindre demokratiske og mindre liberale.

Kva kan me då tilby dei personane som blir trekte mot terrororganisasjonar som ISIL?

Filmskaparen Deeyah Khan som har laga dokumentarfilmen Jihad, og som nyleg fekk utdelt UiOs menneskerettspris, seier at me må gi dei våre verdiar.

– Det me kan tilby ungdommar på kanten av samfunnet, er våre verdiar som er tufta på mangfald. Samtidig må alle føla seg akseptere og inkluderte i dei samfunna dei veks opp i, understrekar Deeyah Khan i eit intervju i dette nummeret av Uniforum. Også for henne må det likevel først og fremst bli fred i Syria og Irak. Også ho trur at meir bomber og væpna aksjonar mot ISIL berre vil føra til meir ekstremisme.  

Då den norske terroristen Anders Behring Breivik drap til saman 77 personar i bombeåtaket mot Regjeringskvartalet og i massakren på Utøya, svarte heile det norske samfunnet med å visa omsorg og medkjensle med kvarandre. Slagordet frå statsminister Jens Stoltenberg blei «meir demokrati og meir openheit».

Det bør me leggja oss på minnet no også. Det må me ikkje gløyma når ei misforstått oppfatning av korleis terrorisme bør forhindrast, er blitt nesten einerådande.

Kunnskap og bakgrunn for det som er hendt, er også viktig. Difor er det godt å sjå at Universitetet i Oslo går i brodden for å skipa til forelesingar om det er mogleg å slå ned terrorisme. Den første debatten finn stad på Litteraturhuset måndag 30. november.

Det er nettopp gjennom slike meiningsbrytingar me kan visa at toleranse og aksept, er verdiar som er verde å kjempa for.

 

 

Emneord: Terrorisme, Demokrati, Midtøsten Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 26. nov. 2015 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere