UiO må også bli best i nynorskklassen

Det bør bli eit pålegg og ikkje berre eit fromt ynske å senda UiO-tilsette på nynorsk-kurs hos Språkrådet, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft i ein kommentar til at nynorskstatistikken for 2013 viser dårlege tal for UiO.

BEST I NYNORSKKLASSEN? Universitetet i Oslo må også bli best i nynorskklassen, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft. Nynorskens far, Ivar Aasen er blitt æra med ei byste utanfor HF-bygningane på Blindern.

Foto: Ola Sæther

Nok ein gong viser statistikken frå Språkrådet at UiO ikkje oppfyller mållova. Igjen ser me at bruken av nynorsk på UiO går tilbake. På nettsidene har bruken av nynorsk gått ned frå 8 prosent i 2012 til 3,4 prosent i 2013, går det fram i dette nummeret av Uniforum. Også talet på korte papirtekstar på nynorsk, dvs. opptil ti sider, går tilbake. I 2013 var talet 5,1 prosent medan det var oppe i 10,3 prosent i 2011. Mållova pålegg statsinstitusjonar at alle skjema skal vera på begge målformer, men berre ein tredel av totalt 92 skjema var i 2013 tilgjengelege på nynorsk.

Dette skjer trass i at UiO tidlegare har skrytt av at dei har sett i gang ein tiltaksplan for å få opp bruken av nynorsk på nettsider, i brosjyrar og i eksterne publikasjonar. Den tiltaksplanen finst det ikkje lenger spor av. Vil det seia at den i motsetning til andre planar ikkje skal takast seriøst? Det er faktisk berre me i Uniforum som oppfyller nynorskkravet i Mållova. Språkrådet gir difor masse skryt til Uniforum. Men no kan ikkje Universitetet i Oslo gøyma seg bak dei gode tala for Uniforum.

Faktum er at universitetsleiinga ikkje har gjort nok for å oppfordra dei tilsette til å ta i bruk nynorsk i det daglege arbeidet. Truleg har UiO mange tilsette som begynte på skulen med nynorsk som opplæringsmål, men som seinare i livet har skifta til bokmål. Universitetsleiinga må spora dei opp eller be dei om å melda seg. Truleg finst det også personar med bokmål som hovudmål, som har få problem med å skriva tekstar på nynorsk.

No må me visa at Universitetet i Oslo er hovudstadsuniversitetet for heile landet, og ikkje berre eit lite og lite viktig universitet for Oslo og omland. Det peikar også Kristin Solbjør, leiar for Språkrådets seksjon for språk i skule og offentleg forvaltning på i ein kommentar til Uniforum. Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe ber einingane oppfordra dei tilsette til å ta Språkrådets nynorskkurs for offentleg tilsette. Den oppfordringa støttar me, men kanskje det bør bli eit pålegg og ikkje berre eit fromt ynske.

Skal UiO ha ambisjonar om også å bli eit internasjonalt toppuniversitet, er det viktig å hegna om begge dei to norske målformene i tillegg til engelsk. Styrkjer UiO bruken av nynorsk, vil det samtidig også styrkja bruken av bokmål og kunna demma opp for flaumen av engelsk frå mange av dei eittspråklege nettsidene til senter og andre einingar med tilknyting til UiO.

Universitetet må difor ha som konsekvent politikk at alle skal kunne velja bokmål, nynorsk eller engelsk når dei går inn på UiOs nettsider. Alle departementa har gjennomført eit slikt tiltak, og det same tilbodet får du om du går inn på til dømes Bien Sparebanks nettsider. Ein bank med hovudkontor i Oslo, får det altså til. Med Noregs best utdanna språkfolk og dataekspertar bør det ikkje vera vanskeleg for UiO å klara noko liknande.

Målet må vera først å koma opp i 13,5 prosent nynorsk frå 2015, før målet om 25 prosent kan bli nådd i løpet av fem år. Då kan UiO endeleg smykka seg med å vera betre enn Universitetet i Bergen også når det gjeld bruk av nynorsk både i publikasjonar og på nett. UiO bør bli best i nynorskklassen.

 

 

Emneord: Språkpolitikk, Språk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 30. okt. 2014 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere