Nobelpris i medisin er ein siger for forskings-Noreg!

Når to av dei første forskarane som nytta seg av denne nyskapinga, no har hanka inn ein nobelpris i medisin, kan ikkje SFF-ane kallast noko annan enn ein stor suksess, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft.

SUKSESSPARET: May-Britt og Edvard Moser deler nobelprisen i medisin med John O'Keefe. Ordninga med senter for framifrå forsking har vore medverkande til at dei kunne konsentrera seg om denn forskinga som gav ekteparet nobelprisen i medisin, skriv Uniforums leiarskribent.

Foto: Kristoffer Furberg i Universitetsavisa

Denne veka begynte med eit fantastisk nyhende. Ekteparet May-Britt og Edvard Moser ved NTNU hadde fått tildelt nobelprisen i medisin saman med den britisk-amerikanske forskaren John O’Keefe frå University College London. Uniforum gratulerer både University College London og NTNU med ei fantastisk ære. Framfor alt vil me gratulera dei tre prisvinnarane med ein velfortent pris, som dei altså får for å ha oppdaga dei delane av hjernen som fortel oss kvar me er og som får oss til å kjenna igjen stader der me har vore før. Populært sagt har dei oppdaga hjernens eige GPS-system.

For norsk forsking er det også ei stor oppmuntring å sjå at det faktisk går an å bli nobelprisvinnarar i medisin utan å måtta dra til eit amerikansk eller britisk prestisjeuniversitet.   Rett nok fekk verken May-Britt eller Edvard Moser tilbod om fast vitskapleg stilling ved UiO, då dei var ferdige med doktorgraden under rettleiing av hjerneforskaren Per Andersen på Det medisinske fakultetet. Då stod NTNU i Trondheim heldigvis klar til å ta imot dei med opne armar. 

Kort tid etter var dei mellom dei første forskarane i Noreg som fekk eit senter for framifrå forsking, der dei kunne satsa for fullt på den grunnforskinga som no har gitt dei nobelprisen i medisin.  Både May-Britt og Edvard Moser meiner at det  var innføringa av ordninga med senter for framifrå forsking som var utslagsgjevande for at dei kunne konsentrera seg for fullt om forskinga. Det gav dei også høve til å rekruttera lovande forskarar både frå inn- og utland.  

Samtidig bør dei også senda ein varm tanke til tidlegare kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun.  Det var han som lanserte denne ordninga først i den forskingsmeldinga han la fram. Inspirasjonen fekk han frå Danmark, der ordninga allereie hadde fungert i fleire år. Saman med Forskingsrådet fekk det dåverande KUF, stabla på beina ei elitesatsing på forsking, som var noko ganske unorsk. Seinare har skiftande regjeringa halde på systemet med senter for framifrå forsking.

Når to av dei første forskarane som nytta seg av denne nyskapinga, no har hanka inn ein nobelpris i medisin, kan ikkje SFF-ane kallast noko annan enn ein stor suksess.  I dag er det Kavlifondet som finansierer det opphavlege SFF-enteret til May-Britt og Edvard Moser. På den måten har den offentlege og private finansieringa gått hand i hand.

UiO kan gjerne vera lei seg for at ekteparet ikkje fekk fast vitskapleg stilling ved institusjonen.  Det er nok heller betre å gleda seg over at begge tok doktorgraden ved UiO.  Og denne veka kan UiO også vera nøgd med at regjeringa vil løyver 200 millionar kroner over to år til eit forprosjekt for Livsvitskapssenteret i Gaustadbekkdalen.  Det har vore ei bra veke for forskings-Noreg. 

Emneord: Forskningspolitikk, Priser, Medisin Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 9. okt. 2014 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere