Kampen om ytringsfridomen

Dei som vågar å ytra seg kritisk, bør heller få ein ekstra bonus for motet sitt, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft i Uniforum.

Neste veke skal ytringsfridomen i akademia opp til debatt på Universitetet i Oslo. Initiativet er tatt av Akademisk forum og  styremedlem, medisinprofessor Johan Storm. Også leiar Mads Andenæs står bak. Både UiO-rektor Ole Petter Ottersen og professor i molekylærbiologi, Kristian Gundersen deltar. I dette nummeret av Uniforum tar me også opp ytringsfridomen på UiO. Dette er eit viktig tema for alle både innanfor og utanfor akademia.

Om det verkeleg er slik at folk i akademia ikkje torer å seia det dei eigentleg meiner, av frykt for ikkje å få forskingsmidlar, har ikkje berre akademia, men heile samfunnet eit problem. Om nokon blir nekta finansiering av vidare forsking fordi dei har ytra seg kritisk mot instituttleiing, Forskingsrådet eller Kunnskapsdepartementet, er det dei som styrer desse institusjonane som er problemet, ikkje personen som kritiserte dei. Dei som vågar å ytra seg kritisk, bør heller få ein ekstra bonus for motet sitt. For så lenge kritikken er sakleg og ikkje er noko personåtak på kollegaer, instituttleiarar, forskingsleiarar og universitetsrektorar, må det vera svært høgt under taket i akademia med omsyn til kva som kan ytrast av dei tilsette. Universiteta og dei andre lærestadene skal nettopp dyrka kritikken og koma med motførestillingar mot rådande oppfatningar og sanningar. Og det handlar ikkje berre om ting i samfunnet utanfor universitetet. Det må i høgste grad også gjelda forhold som handlar om organisering, finansiering og tilsetjingar på lærestaden, i vårt tilfelle altså på Universitetet i Oslo.

Det finst fleire døme på at forskarar i etableringsfasen ikkje torer å seia det dei eigentleg meiner, fordi dei er redde for at dei då ikkje lenger vil vera kandidat til å ta imot stipend og anna finansiering av den forskinga dei held på med. Uniforum får heile tida meldingar om ting som skjer, men tipsarane vil ikkje sjølve stå fram. Også mellom dei teknisk-administrative tilsette finst det personar som ikkje vågar å gå ope ut med kritikken sin av endringar som er på gang eller har skjedd på Universitetet i Oslo.

Det første som må skje er at folk i leiarposisjonar på UiO må vedgå at dette er tilfelle. Så kan dei diskutera kva som er grunnen til det, og leggja forholda til rette for at folk skal tora  å stå fram med meiningane sine, utan å risikera at det får fylgjer for dei seinare i karrieren. På den måten kan UiO igjen bli ei høgborg i forsvaret sitt for ytringsfridomen både innanfor og utanfor akademia. Me oppfordrar så mange som mogleg til å skriva innlegg om ytringsfridom og andre tema til Uniforum.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold, Personalpolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 13. mars 2014 15:18 - Sist endra 14. mars 2014 09:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere