I skuggen av Nobels fredspris

Universitetet i Oslo og den norske regjeringa må engasjera seg for å betra forholda for universitetstilsette i Pakistan, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft.

 

Denne veka har den pakistanske 17 år gamle jenta Malala Yousafzai og den indiske aktivisten mot barnearbeid, Kailash Satyarthi fått utdelt Nobels fredspris for 2014. Begge fortener prisen og dei kjem frå to land som både har ei dramatisk og stolt historie, men som samtidig er atommakter.

Dei to landa er dødsfiendar og spelar hovudrolla i den truleg farlegaste uløyste konflikten i verda. Striden om Kashmir.

Difor håpar mange at dei to fredsprisvinnarane skal klara å få dei politiske leiarane for dei to landa til å snakka saman. Så langt har ikkje det skjedd.

I  heimlandet til Malala Yousafzai, Pakistan blir det dessutan vanskelegare og vanskelegare å vera frittalande akademikar på universiteta.

Eit prov på det er den kvinnelege professoren Uniforum har eit intervju med i dette nummeret. Etter at ein liberal akademikarkollega av henne blei sett i fengsel skulda for blasfemi, retta dei ultrakonservative, religiøse kreftene også harmen sin mot henne.

Som universitetsleiar hadde ho vore med på å tilsetja han. Difor skulda dei også henne for blasfemi, sidan ho var ansvarleg for at han hadde blitt tilsett ved universitetet. – Dei som tar til motmæle mot dei ultrakonservative som skuldar folk for blasfemi, blir truga på livet eller regelrett myrda.

Difor er det ikkje så rart om mange av dei ikkje vågar å heva stemma, meiner ho. Professoren viser også til korleis lærebøkene på universiteta blir sensurerte av dei ultrakonservative religiøse gruppene. Og dei viser ingen toleranse mot dei som meiner at studentane også har behov for å læra om andre religionar.

– Sjølv har eg som universitetsleiar foreslått å innføra eit valfag om verdsreligionane. Det blei tatt ille opp, for dei ville at studentane berre skulle ha undervisning i islam, fortel den pakistanske professoren til Uniforum.

Eit anna teikn på ei klar forverring av forholda for dei tilsette på universiteta, er måten dei får jobben på.

– Dei som blir tilsette i vitskaplege stillingar, får jobben etter kva politisk syn dei har og ikkje etter dei vitskaplege merittane sine, meiner ho.

Det går ikkje an å seia at ein underviser i feministisk teori. Dei som underviser i kvinnerelaterte spørsmål, seier difor at dei underviser i kvinnerettar, opplyser ho til oss.

Difor spår ho at Pakistan er på veg til å bli ein fundamentalistisk stat.

Nettopp på grunn av trakasseringa av henne, har ho nyleg fått vern i Noreg. Bak vernet står det internasjonale nettverket Scholars at Risk, som arbeider for å verna truga akademikarar over heile verda.

Ofte må dei senda dei ut av heimlandet og gi dei høve til å driva forskinga si vidare på eit universitet i eit anna land. Det er ein organisasjon som det står stor respekt av og som grunnleggjaren Robert Quinn velfortent fekk UiOs menneskerettspris for i 2012.

Universitetet i Oslo og den norske regjeringa må engasjera seg for å betra forholda for universitetstilsette i Pakistan. Det skuldar dei både dei pakistanske akademikarane og folk med pakistansk bakgrunn i Noreg.

 

 

 

Emneord: Pakistan, Menneskerrettar, Internasjonalisering Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 11. des. 2014 12:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere