Forskarane må engasjera seg meir i universitetspolitikken

Me er heilt einige med Arne Selvik i at det ville vore langt betre for universitetsdemokratiet om endå fleire forskarar viste interesse for den interne politikken på eit universitet. Slik vil universitetsdemokratiet koma sterkare ut, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft.

Forskarane fylgjer ikkje med i timen. Viktige avgjerder blir tatt på universiteta før mange forskararar har oppdaga kva som har skjedd. Det seier leiingsekspert Arne Selvik ved Noregs Handelshøgskule i eit oppslag i denne utgåva av Uniforum. Etter hans oppfatning vil dei demokratiske prosessane på universiteta bli styrkte, dersom fleire av forskarane engasjerer seg over tid og ikkje berre dukkar opp nett når det skjer noko.

Uniforum ser at leiingseksperten Arne Selvik har mange gode poeng i kritikken av det manglande engasjementet for universitetspolitikk blant mange forskarar.  Forskarar vil aller helst forska, og ikkje engasjera seg politisk. Men når dei oppdagar at forskingsvilkåra dei arbeider under er avhengige av kva vedtak som blir gjort i Universitetsstyret eller i dei andre valde organa på universiteta, bestemmer dei seg for å påverka den interne politikken på universitetet. Men når dei har fått det som dei vil, går dei tilbake til forskinga og avsluttar engasjementet sitt i universitetspolitikken.

Me er heilt einige med Arne Selvik i at det ville vore langt betre for universitetsdemokratiet om endå fleire forskarar viste interesse for den interne politikken på eit universitet. Slik vil universitetsdemokratiet koma sterkare ut.

Dei siste vekene er det avgjort kven som skal overta som ny dekan ved Det humanistiske fakultetet og ved Det teologiske fakultetet. Ved det førstnemnde fakultetet blei avgjerda tatt gjennom eit reelt val mellom to dekankandidatar. At det til slutt skilde berre 0,4 prosent mellom dei to, viser at det var eit val som engasjerte dei som deltok, og at veljarane delte seg opp i to klare frontar. Til saman var det 737 personar som røysta. Eigentleg veldig få når me veit at det er over 6000 studentar og 756  faste og mellombelse tilsette ved fakultetet.

Ved Det teologiske fakultetet blei den nye dekanen foreslått og utnemnd av valkomiteen etter at ingen fleire hadde meldt seg på i dekanvalet, då fristen var gått ut.  Dessverre er det siste dømet symptomatisk for situasjonen ved UiO i dag. Dekanvalet ved Det humanistiske fakultetet, er det einaste dømet frå dei åtte fakulteta, på at det har vore ein demokratisk kamp om dekanvervet. Det viser at for få vitskaplege tilsette seier ja til å ta utfordringa med å delta i kampen om å bli dekan.

Om ikkje forskarane engasjerer seg, kvifor skal då dei teknisk-administrative og studentane gjera det? På Det humanistiske fakultetet der det altså var eit reelt val, var det stemmene til dei teknisk-administrative tilsette som førte til at Arne Bugge Amundsen blei vald til dekan. Om eit tjuetals fleire forskarar  og endå fleire studentar hadde engasjert seg til fordel for motkandidaten, ville det ha vore nok til at valresultatet hadde blitt eit anna. Dei som vil ha ein annan politikk enn den Arne Bugge Amundsen står for, og som ikkje deltok i dekanvalet, har difor ingen grunn til å klaga. Dei kan berre skulda på seg sjølve.

Det humanistiske fakultetet har denne gongen vist at eit dekanval kan mobilisera veljarane, så sant det finst klare ideologiske skilnader mellom kandidatane. Det verste som kan skje er at dekanvala vil forsvinna heilt, og at alle dekanar blir tilsette. I neste omgang vil det føra til at også UiO får ein tilsett rektor. Det vil vera ei feil utvikling, og absolutt ikkje vera med på å styrkja universitetsdemokratiet.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 21. nov. 2014 05:00 - Sist endra 21. nov. 2014 10:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere