Varsel om kvinnerevolusjon i akademia

Når Tyrkia framleis er det landet i Europa som har flest kvinnelege professorar, bør også likestillingslandet Noreg og kunnskapsminister Kristin Halvorsen leggja til rette for at det skal bli ei betre fordeling av kvinner og menn blant professorane enn i dag.

I år vil truleg fleire kvinner enn menn ta doktorgrad i Noreg. I 2012 var 49 prosent av alle som tok doktorgrad, kvinner, medan talet på kvinner var 46 prosent året før. Det tyder på at 100 år etter at kvinner fekk stemmerett, vil dei også vera i fleirtal mellom dei som tar Noregs høgaste akademiske utdanning i 2013.  Det er ei utvikling som me helsar velkommen. 

Samtidig kjem det tal frå NIFU som viser at rekordmange, eldre professorar, dei aller fleste menn, vil gå av for aldersgrensa i løpet av dei neste åra. Ei naturleg utvikling må då vera å erstatta mange av desse med fleire av dei yngre, kvinnelege postdoktorane eller doktorane. Då kan truleg også talet på kvinnelege professorar gå opp frå rundt 27,8 prosent ved UiO i dag. Det bør vera ambisjonen både for rektor Ole Petter Ottersen og dei andre universitetsrektorane i Noreg.

Når Tyrkia framleis er det landet i Europa som har flest kvinnelege professorar, bør også likestillingslandet Noreg og kunnskapsminister Kristin Halvorsen leggja til rette for at det skal bli ei betre fordeling av kvinner og menn blant professorane enn i dag. Undersøkingar viser at det må leggjast betre til rette med barnehageplassar for at både kvinnelege og mannlege forskarar skal halda fram med den akademiske karrieren etter at doktorutdanninga er avslutta.  Det er viktig å innsjå at det også finst eit liv ved sida av forskinga.

Denne veka melder Uniforum at rektor Ole Petter Ottersen vil gå inn for å oppretta innstegsstillingar for lovande, yngre forskarar av begge kjønn. Det er stillingar som i USA kan vara i opp til sju år og vera ein karriereveg mot ei fast, vitskapleg stilling. I dag er ikkje den stillingtypen i samsvar med Universitets- og høgskulelova. – Utan politisk vilje blir dette ikkje noko av, seier Ottersen til Uniforum. Om dette vil føra til at fleire kvinner vil få faste vitskaplege stillingar på Universitetet i Oslo, støttar me forslaget. Om det vil vara i sju år, så er det i alle fall langt lenger enn fire år i ei postdoktorstilling. Dei som får desse stillingane, må også få tilbod om barnehageplass, slik at det går an å ha eit familieliv.

Sjølvsagt må det vera dei beste kandidatane som får desse innstegsstillingane. Og det er ingen grunn til å tru at dei beste ikkje er kvinner.

 

 

Emneord: Likestilling, Forskningspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 13. feb. 2013 15:09 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere