Godord må bli handling

Me ventar at godorda om forsking og utdanning må omsetjast til handling, det vil seia til meir pengar i revidert budsjett i mai neste år.

Den 9. september bestemte dei norske veljarane at den raudgrøne regjeringa hadde sete lenge nok og røysta for eit skifte. Dermed sit statsminister Jens Stoltenberg og regjeringa hans på oppseiing fram til forslaget til statsbudsjett blir lagt fram den 14. oktober. I mellomtida er Høgre-leiar og statsministerkandidat Erna Solberg på eit hotell i Nydalen og forhandlar om eit mogleg regjeringssamarbeid med Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Alle desse fire partia har snakka høgt og tydeleg om behovet for å satsa på forsking, utdanning og nyskaping, slik at Noreg har fleire økonomiske bein å stå på når olje- og gassproduksjonen ein gong tar slutt.

Me ventar ikkje at dei får tid til å setja mykje av stempelet sitt på framlegget til statsbudsjett for 2014 når det skal opp til endeleg vedtak i Stortinget i desember. Derimot ventar me at godorda om forsking og utdanning må omsetjast til handling, det vil seia til meir pengar i revidert budsjett i mai neste år. Då vil det vera mogleg å sjå om dei meiner alvor med synspunkta om at Noreg treng forskarar og folk med høgare utdanning for at økonomien og næringslivet i fastlands-Noreg skal gå godt.

Etter deira oppfatning er forsking og utdanning nøkkelen til nyskaping i Noreg. I fylgje nyvald stortingsrepresentant for Oslo, Kristin Vinje, er dette hovudinnhaldet i ei ny vitamininnsprøyting for norsk næringsliv. – Om me skaper trygge arbeidsplassar, kan me framleis halda arbeidsløysa låg. Difor vil me styrkja kvaliteten på grunnforskinga og satsa endå meir på bruksretta forsking. På den måten kan me også trekkja til oss meir pengar frå investorar. Slik kan Noreg bli Europas nye innovatør, sa ho i ein debatt i Forskingsparken rett før Stortingsvalet.

Og nyvald stortingsrepresentant Ola Elvestuen frå Venstre fylgde opp med denne kraftsalva: – I dag er det uvisse om korleis oljeprisen vil vera i framtida, sidan USA er i ferd med å utvinna sin eigen gass. Truleg blir det ein brems i aktiviteten. For miljøet vil det vera ei rett utvikling, men for den norske økonomien vil det ikkje vera så positivt. Nettopp derfor er det viktig at det blir satsa pengar på forsking og utdanning, slik at me kan skapa framtidas næringsliv, slo han fast i den same debatten.

Også Tord Lien frå Framstegspartiet og Dagrun Eriksen frå Kristeleg Folkeparti har snakka mykje om kor viktig det er å satsa på forsking og utdanning. Samtidig har statsministerkandidat Erna Solberg sagt at ho vil at Noreg skal bli ein kunnskapsnasjon. Me tar alle desse politikarane alvorleg og ser bort frå at det blei sagt i festtalar. Truleg vil det også koma både krav og sterke føringar saman med ei ekstra satsing på forsking og utdanning. Korleis det vil bli, får me kanskje ein del av svaret på når me ser kven som får den viktige posten som kunnskapsminister. Det som er sikkert er at Kunnskaps-Noreg og Forskings-Noreg har god grunn til å venta store ting frå regjeringa til Erna Solberg.

 

Emneord: Forskingspolitikk, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 19. sep. 2013 14:27 - Sist endret 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere