Tvilsam bruk av inventarbudsjettet

Det er viktig å satsa på nyskaping, og nokre gonger må ein ta sjansar. Men ein bør kanskje ikkje bruka inventarbudsjettet til risikofylte investeringar.

VIRTUELL VERD: 4,9 milliionar av inventarbudsjettet til Ole-Johan Dahls hus skulle finansiera ein virtuell modell av bygningen.

Foto: Ola Sæther

I dagens nummer av Uniforum fortel me korleis Institutt for informatikk engasjerte IT-selskapet World Beside for å laga ein virtuell modell av den nye informatikkbygningen Ole-Johan Dahls hus. Pengane skulle hentast frå inventarbudsjettet til bygningen.

Ideen var at den digitale verda skulle vera tilgjengeleg på storskjermar i bygningen. Samtidig skulle skuleelevar over heile landet kunna besøkja instituttet via Internett, kunna ta kontakt med avatarar eller digitale forelesarar, løysa oppgåver og søkja informasjon. Programvara skulle også kunna brukast til eigedomsforvalting, skilting for besøkjande og brannsikring. Dette er eit døme på svært dristig og kreativ bruk av inventarbudsjettet.

Problemet var at oppdraget blei gitt til eit selskap som ikkje hadde evne og økonomi til å gjennomføra prosjektet. Oppdraget blei ikkje sett ut på tilbod. Grunnen var hovudsakleg at det handla om forsking på eit nytt og i verdssamanheng unikt produkt, og at UiO ikkje skulle vera åleine om å finansiera utviklinga av denne digitale teknologien. Det som ikkje kom fram i kontrakten, var at pengane frå sponsorane til selskapet var nesten brukte opp. Det var difor uvisst kvar resten av pengane skulle hentast frå. Det kan også stillast spørsmål ved om det var naudsynt å bruka denne uhyre avanserte teknologien til dette formålet.

I rekneskapen tok dei heller ikkje med kostnadene ved å vedlikehalda systemet, dersom det hadde blitt installert. Programvare er ikkje som andre produkt. Det kostar pengar å vedlikehalda og vidareutvikla det. Nestleiar Arne Maus ved Institutt for informatikk, kalkulerer med utgifter på to millionar kroner i året.

Prosjektet fekk 4,9 millionar kroner frå inventarbudsjettet til den nye informatikkbygningen. Pengane forsvann fort, men produktet blei aldri levert. Selskapet gjekk konkurs for litt over eitt år sidan.

Det er viktig å satsa på nyskaping, og nokre gonger må ein ta sjansar. Men ein bør kanskje ikkje bruka inventarbudsjettet til risikofylte investeringar.

At oppdraget med å utvikla det virtuelle IFI blei gitt til eit selskap som instituttleiaren var med på å stifta og der dagleg leiar var ein nær venn, er ei anna side av saka.

 

Emneord: Økonomi, Informatikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 24. mai 2012 13:21 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere