Slå ring om små språk!

Noreg må slå ring om dei små faga og ikkje lata dei gå med i dragsuget frå pålagde innsparingar frå sentrale styresmakter.

I mange tiår har forståsegpåarar spådd at undervisninga i og forskinga på dei små språka sakte, men sikkert vil døy ut på universiteta. Like ofte har internasjonale hendingar ført til både ein renessanse for bestemte språk og eit sterkt behov frå samfunnet for ekspertar på dei aktuelle språka. Det skjedde for serbokroatisk. Ingen hadde høyrt noko særleg om førsteamanuensis Svein Mønnesland før krigane i det tidlegare Jugoslavia. Då krigane var over, visste alle kven han var og interessa for å studera serbokroatisk var støtte enn nokon gong. I tillegg blei nyleg avdøde Ljubisa Rajic kjend som den norsktalande professoren frå Serbia. Også han hadde nemleg fatta poenget med å studera eit lite språk. 

På slutten av 1990-talet var arabisk truga av nedlegging. Seinare har interessa både for Midtausten og arabisk auka, og etter Den arabiske våren har den eksplodert. No er arabisk-studiet så populært at det har måtta avgrensa talet på studentar.

I dagens utgåve av Uniforum viser me kor populært studiet i irsk eller gælisk er blitt. Rundt 18 studentar har valt å studera eit språk som blir snakka av mellom 10 000 og 100 000 personar i Irland. Dei viser til at dei studerer det på grunn av lidenskapen sin for irsk kultur og irsk språk. Draumen for somme av dei er å bli forskarar i irsk, men samtidig er dei medvitne på at det finst få forskarstillingar i det faget. Me synest at Noreg og Universitetet i Oslo bør gi studentar lov til å kunna studera språk og andre fag av rein lyst, utan å tenkja nytte. Kva ville Noreg ha gjort, om Svein Mønnesland hadde tatt fysikk, engelsk eller samfunnsøkonomi i staden for serbokroatisk?

Noreg må difor slå ring rundt dei små faga og ikkje lata dei gå med i dragsuget frå pålagde innsparingar frå sentrale styresmakter. Universiteta skal også vera ein kunnskapsbase om fagfelt folk ikkje trudde dei hadde bruk for, før internasjonale hendingar viser at det faktisk er viktig å ha personar som har kunnskapar om eit bestemt språk eller bestemt geografisk område. Ved å halda liv i undervisninga og forskinga i dei små språkfaga, tar UiO vare på samfunnsoppdraget sitt, sjølv om studenttilstrøyminga ikkje alltid er like stor.

 

Emneord: Internasjonalisering, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 14. sep. 2012 11:08 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere