Heile verda reiser no til Finland for å finna ut korleis landet klarer å skåra så høgt på Pisa-undersøkingane. Uniforum bestemte seg for å gjera det same og undersøkja kvifor dei finske ungdomsskuleelevane gjer det så bra. Etter å ha gjort intervju med både lærarstudentar og leiinga ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet ved Helsingfors universitet, står me igjen med to viktige faktorar som kan forklara den finske suksessen:
Den universitetsbaserte lærarutdanninga har høg status og tar berre opp dei aller beste søkjarane. Det syter for at alle som vil bli lærarar, både er flinke og godt motiverte. Den andre faktoren er at den finske skulen er svært egalitær og passar på at alle i klassen, også dei svakaste elevane, forstår det dei lærer. På den måten blir dei dratt med oppover av dei beste elevane. For dei svakaste elevane i den finske skulen er langt sterkare enn dei svakaste elevane i dei andre landa i Pisa-undersøkingane, fortel instituttleiar Jari Lavonen på Institutt for lærarutdanning ved Helsingfors universitet til Uniforum.
Og så lenge den offentlege skulen er god, er det ingen som krev at det blir oppretta private skuletilbod i Finland. Vår vesle undersøking viser også at nasjonale prøvar og prestasjonsbasert lønn for lærarar er ikkje-eksisterande i Finland. Derimot blir det gitt stort handlingsrom for lokalt ansvar for skulekvardagen, med utstrekt bruk av sjølvevalueringar og tilbakemeldingar frå elevar og foreldre. Samtidig har dei ein felles mønsterplan for heile landet som sikrar at alle elevane går gjennom det same pensumet og i stor grad har dei same lærebøkene. På den måten blir ikkje overgangen så stor for dei som flytter frå Helsingfors til Lappland.
Den finske oppskrifta er altså ikkje meir konkurranse og auka privatisering og byråkratisering, derimot å utvikla den offentlege skulen vidare inn i framtida og satsa på auka profesjonalisering.
Dei finske skulestyresmaktene tar dessutan lærarrolla på alvor ved å gjera lærarutdanninga til eit universitetsstudium, som samtidig opnar for at dei som blir lærarar også kan bli forskarar og kan sjå nærare på lærarkvardagen og skulekvardagen.
Me ser at dagens regjering ynskjer å læra av delar av den finske lærarutdanninga. Etter vår meining bør privatiseringskåte politikarar frå den borgarlege opposisjonen i Noreg også hoppa bukk over Sverige og heller dra til Finland for å læra at etablering av private skular slett ikkje er noko alfa og omega for å få ein god skule. Dei blir fort eliteskular for eliten sine barn, ikkje for flinke elevar med foreldre som ikkje har god råd.
Rådet vårt er difor at norske politikarar bør halda fast på den offentlege skulen, men gjera den endå betre ved å investera dei pengane som trengst for å utvikla den vidare mot ei ny framtid. Å flytta heile lærarutdanninga til universitetet, kan vera litt for dramatisk. Men kanskje ein større del av lærarutdanninga også for lærarar i grunnskulen, kunne blitt overført til universiteta? I Finland har det vore ein suksess. Me ser ikkje heilt bort frå at det også kan bli vellykka i Noreg.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere