Rydd trafikkfaren av vegen!

Me synest det er dumt at  Oslo kommune overlet ansvaret for trafikktryggleiken i området mellom Forskningsparken stasjon og Gaustadalleen til Statsbygg.

STØTTE: Uniforum støttar kravet frå Stian Skaalbones, leiar for Studentparlamentet,om at Oslo kommune må få realisert eit lysregulert gangfelt nord over Problemveien, nord for Forskningsparken stasjon.

Foto: Ola Sæther

Kvar dag går fleire hundre studentar, UiO-tilsette og andre fotgjengarar med hjartet i halsen og livet som innsats når dei kryssar Problemveien i dumpa ved Forskingsparken stasjon. Då må dei gå over ein bilveg med to motgåande kjørefelt og to trikkespor for å koma seg til dømes frå Vestgrensa studentby og Domus Athletica og vidare til Blindern eller Forskingsparken. I dagens utgåve av Uniforum krev leiar for Studentparlamentet, Stian Skaalbones at det blir sett opp eit lysregulert gangfelt på det mest brukte kryssingspunktet ved Forskingsparken stasjon. Han trur det kan hindra at det skjer alvorlege ulykker.

I dag kjører bilane i minst 50 kilometer i timen på denne strekninga, samtidig som dei skal sjå etter både fotgjengarar og motgåande trafikk. Høge brøytekantar på begge sider av dei to trikkespora har heller ikkje gjort situasjonen særleg lettare vinterstid. Oslo kommune seier at den nyleg vedtatte reguleringsplanen for området mellom Problemveien og Gaustadalleen, vil føra til at det blir tryggare for fotgjengarane når arbeidet med den framtidige vegløysinga for området er ferdig. Samtidig viser kommunen til at det no er Statsbygg som har tatt på seg ansvaret for den vidare vegutbygginga i området, sidan det er denne statlege instansen som blir byggherre for dei forskingsbygningane i området som er planlagde.

Me synest det er dumt at kommunen overlet ansvaret for trafikktryggleiken i området til Statsbygg. Etter vår meining bør det vera Oslo kommune si soleklare oppgåve å syta for at studentar, universitetstilsette og andre som arbeider i området får ein så trygg veg til sin daglege studieplass og arbeidsplass som mogleg. Me støttar difor kravet til leiaren for Studentparlamentet i Oslo, Stian Skaalbones. Oslo kommune må setja opp eit lysregulert gangfelt på det mest brukte kryssingspunktet nord for Forskingsparken stasjon no. Det bør ikkje skje etter at det har skjedd ei ulykke. Om det er Statsbyggs ansvar, kan kommunen heller senda rekninga ditt etterpå. Også fotgjengarane betaler skatt til Oslo kommune og har rett på ein trygg arbeidsveg.

Emneord: Arbeidsforhold, Studentforhold Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 15. mars 2012 11:28 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere