Må rydda opp i SFF-rot

Om ikkje forskarane kan stola på at sakshandsaminga i SFF-prosessen også er framifrå, vil både Forskingsrådet og Forskingsadministrativ avdeling ved UiO mista truverdet sitt.

Uniforum har i dei siste to utgåvene vist korleis både den lokale og den nasjonale prosessen med å søkja om å få SFF-status, er prega av rot og uklare ansvarsområde. Det er ein alvorleg kritikk, for om ikkje forskarane kan stola på at sakshandsaminga også er framifrå, vil både Forskingsrådet og Forskingsadministrativ avdeling ved UiO mista truverdet sitt. Nettopp difor er det viktig at denne kritikken no kjem fram i Uniforum. På Universitetet i Oslo har søkjarar som ville klaga på avslag frå Forskingsrådet, blitt rådde til å trekkja klagen av forskingsdirektør Bjørn Haugstad, og samtidig har dei fått feil opplysningar frå Forskingsrådet om kven som skulle stå som avsendar av klagen.

Ein av dei som ikkje tok rådet frå forskingsdirektøren til fylgje, var medisinprofessor og hjerneforskar Johan F. Storm. Han meinte at søknaden til forskargruppa hans, ikkje hadde fått ei god nok fagleg vurdering av det internasjonale ekspertpanelet. Han peika på at det var manglande samsvar mellom konklusjonen til Forskingsrådets fagkomité og ekspertpanelet si vurdering. Storm viste også til at dei hadde fått beskjed frå NFR om at senteret skulle vera noko nytt og ikkje ei vidareføring av eksisterande senter for framifrå forsking i ny drakt. Dei fekk også uklare meldingar om kven ved UiO som skulle handtera klagesakene.

I dagens utgåve av Uniforum kjem ARENA-direktør Erik Oddvar Eriksen ved UiO med ein minst like hard kritikk av sakshandsaminga i Forskingsrådet, som til slutt førte til at også deira søknad fekk avslag. Etter hans meining er det bittert å tenkja på at det kvalitetsarbeidet dei la ned i søknaden, ikkje blei fylgt opp av kvalitet i sakshandsaminga og i evalueringa. Ein av panelmedlemane, Thomas Christiansen viser også til at dei som deltok i panelet, opplevde at dei hadde «ekstremt» avgrensa tid til rådvelde, tekniske problem og at prosedyreretningslinjer ikkje blei fylgde. Dessutan fekk ikkje medlemane god nok rettleiing om karakterskalaen som var brukt. Divisjonsdirektør Anders Hanneborg  kjenner seg ikkje igjen i kritikken frå Thomas Christiansen.

På måndag får me vita kva forskingsmiljø som kan smykka seg med å bli eit senter for framifrå forsking dei komande ti åra. Før neste runde er det difor viktig at både Forskingsrådet og UiO ryddar opp i prosedyrane sine, slik at dei kan unngå å bli kritiserte for å driva sakshandsaming som er prega av kaos og rot. Målet må vera at sakshandsaminga også kan seiast å vera framifrå. Då vil ingen lenger kunna stilla spørsmål ved den endelege avgjerda om kva forskingsmiljø som får bli senter for framifrå forsking.

 

Emneord: SFF, Forskningspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 7. nov. 2012 14:42 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere