Internasjonalisering – same kva det kostar?

Me støttar tanken om at folket i Aserbajdsjan lenge har vore modne for eit demokrati. Demokrati er ikkje noko ein fortener, men ein rett som alle skal ha. Også folket i Aserbajdsjan.

MANGLAR KUNNSKAP: Rektor Samad I. Seyidov (i midten)  ved Azerbaijan University of Languages meiner at folket i Aserbajdsjan førebels manglar nok kunnskap til at dei kan få eit demokratisk regime. Her talar han på Thor Heyerdahl-konferansen i Baku i fjor haust. Noregs ambassadør Erling Skjønsberg (t.v) og Thor Heyerdahl jr. (t.h) høyrer på.

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo lanserer 2012 som det store internasjonaliseringsåret. UiO-studentar skal ut i den store verda, og studentar frå andre land skal koma hit. Samtidig blir det oppmoda til at forskarar også i endå større grad enn i dag drar på utanlandsopphald og inviterer fagfeller frå utanlandske universitet hit. Me synest det er flott at Universitetet i Oslo ynskjer å internasjonalisera seg endå meir og utvida den internasjonale kontakten.

Dessverre er det ikkje alle universiteta som UiO samarbeider med, som har den same akademiske fridomen og ytringsfridomen som dei fleste universiteta i demokratiske statar har. Kina er eit godt døme på at det er akademisk fridom og ytringsfridom inntil ei viss grense, men kinesiske akademikarar prøver heile tida å tøya denne grensa, så langt som mogleg. Det hindrar likevel ikkje Universitetet i Oslo frå å samarbeida med kinesiske universitet, som på kort tid er i ferd med å koma opp i den akademiske eliteserien når det gjeld naturvitskapleg og teknologisk forsking. 

I dagens nummer av Uniforums papiravis har me ein grundig og brei reportasje om det praktiske og faglege universitetssamarbeidet mellom Universitetet i Oslo og Azerbaijan University of Languages (AUL) i Baku, hovudstaden i Aserbajdsjan. Det er også eit land som grip inn mot dei som kritiserer regimet til president Ilham Aliyev, som fekk presidentvervet i arv etter at faren Heydar Aliyev døydde. Folk som har gått ope ut og heva røysta mot brot på menneskerettane i landet, har ofte hamna i fengsel. I dette landet finst faget Det skandinaviske regionstudiet, som har UiO-forskar Vibeke Roggen som prosjektleiar og Utanriksdepartementet som ein økonomisk støttespelar. I dette oljelandet er Statoil ein svært viktig aktør i næringslivet.

Både menneskerettsaktivistar og rektor Samad I. Seyidov ved Azerbaijan University of Languages er einige i at det er viktig med denne akademiske kontakten. Medan menneskerettsforkjempar og Raftoprisvinnar Malahat Nasibova meiner at folket i Aserbajdsjan er like klare og like godt utdanna for demokrati som folket i nabolandet Georgia, meiner rektoren at dei førebels manglar nok kunnskap til at dei kan få eit demokratisk regime. 

Både demokratiforkjempar Hikmet Hadjy-Zadeh og rektoren viser til at gjennom opphald i Noreg og besøk frå norske akademikarar, vil den yngre generasjonen læra meir om korleis eit demokrati fungerer.

Me støttar tanken om at folket i Aserbajdsjan lenge har vore modne for eit demokrati. Demokrati er ikkje noko ein fortener, men ein rett som alle skal ha. Også folket i Aserbajdsjan. Derimot er det ingen som har rett til å styra eit land som om det var deira eigen eigedom og attpåtil gi det i arv til den førstefødde når du sjølv fell frå.

Om det akademiske samarbeidet mellom UiO og Azerbaijan University of Languages i Baku kan få den yngre generasjonen til å forstå det og gjera noko med det, vil det visa at det har sådd små, demokratiske frø i den generasjonen som står klar til å danna eit demokratisk Aserbajdsjan etter først 70 år som ein kommunistisk sovjetrepublikk og deretter over 20 år som eit familieimperium. Akademisk kontakt over landegrensene kan på den måten gi akademikarar i Aserbajdsjan og liknande land mot til å endra landet sitt innanfrå.

Då har det akademiske samarbeidet fått eit resultat som me helsar varmt velkome.

 

Emneord: Internasjonalisering, Aserbajdsjan, Menneskerettar, Næringsliv Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 19. jan. 2012 16:55 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere