Gi oss eit reelt rektorval!

Uniforum vil oppfordra vitskaplege tilsette ved UiO som går med rektorambisjonar, om å melda seg, slik at alle UiO-tilsette får eit val.

Neste år er det rektorval ved Universitetet i Oslo. Så langt er berre ein kandidat klar – sitjande rektor Ole Petter Ottersen. Han har snart sete i fire år og har gjort ein glimrande jobb som rektor.  Difor ser me fram til at han gjerne tar ein periode til som rektor. Han har gjort Universitetet i Oslo synleg både i media og mellom folk flest. Både nasjonalt og internasjonalt har han markert seg på ein positiv måte. I det heile tatt har han vore ein svært god ambassadør for Universitetet i Oslo. Det er også tydeleg å sjå at han likar seg i rolla som rektor, og han har ein entusiasme som lett smittar over på andre ved UiO. Om me skulle gi han ein universitetskarakter for jobben han har gjort, må det nok bli ein A. Også prorektor Inga Bostad og viserektor Ragnhild Hennum harfått vist kva dei kan og markert UiO på ein fin og positiv måte.

Likevel synest me at rektor Ole Petter Ottersen og rektoratet fortener å bli utfordra, før fristen går ut, slik at rektorvalet i april blir eit reelt, demokratisk val. Mange på UiO meiner at folk frå medisin og dei naturvitskaplege fagmiljøa har for mykje å seia når det gjeld å staka ut kursen for framtidsuniversitetet. Og dei kan visa til at både Veksthuset og Senter for livsvitskap framleis er på vent, også med dagens rektorat. Dei bør ikkje vera så feige at dei berre sit og sturar i ein krok. Difor bør dei melda seg som rektorkandidatar og utfordra dagens rektorat.

Om ingen melder seg, vil det bli lett for dei som ynskjer mindre universitetsdemokrati å seia at det er like greitt å innføra ei ordning med tilsett rektor ved UiO også, slik som ved NTNU. Der var det faktisk heile sju godt kvalifiserte kandidatar som søkte jobben, medan styret til slutt tilsette den gamle travaren Gunnar Bovim. Kanskje ikkje spesielt spennande, men i alle fall ei trygg avgjerd.

Uniforum vil difor oppfordra vitskaplege tilsette ved UiO som går med rektorambisjonar, om å melda seg, slik at alle UiO-tilsette får eit val. På den måten får me ein valkamp der dagens rektorat kan få fortelja om kva dei har oppnådd i den tida dei har regjert, medan moglege motkandidatar kan peika på ting som dei burde ha gjort betre eller som dei ikkje har klart å få til. Samtidig vil det skapa endå meir debatt rundt kva eit universitet skal vera og korleis det bør sjå ut i framtida. UiO-folk som går med ein rektor i magen, må melda seg på som kandidatar og vera med på å visa kva eit ekte universitetsdemokrati er. 

 

Martin Toft

Ansvarleg redaktør

 

 

Emneord: Rektorvalget 2013, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 13. des. 2012 00:03 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere