Fly for miljøet

Kvart år drar UiO-tilsette på 14500 flyreiser. Og når Grønt UiO heller ikkje klarer å unngå flyreiser, blir det i alle fall vanskeleg for andre einingar å få det til.

GRØNT FLY: Kvart år drar UiO-tilsette ut på 14 500 flyreiser. Målet er å redusera dei med fem prosent, sidan det framleis er ei stund til det vil koma grøne, miljøvennlege fly.

Foto: Freaking News

I sommar har fire representantar for Grønt UiO reist med fly og bil for å besøkja miljøvennlege universitet i USA og Canada. Rekninga kom på 150 000 kroner, men utbytet av turen var vel verdt både pengane og CO2-utsleppa, seier prosjektleiar Jorulf Brøvig Silde til dagens utgåve av Uniforum. Kvart år drar UiO-tilsette ut på 14 500 flyreiser. Silde trur det berre er mogleg å redusera talet på flyreiser med fem prosent. Og når Grønt UiO heller ikkje klarer å unngå flyreiser, blir det i alle fall vanskeleg for andre einingar å få det til. Miljøsjefen meiner det var heilt naudsynt med denne reisa for at UiO skulle koma vidare i miljøarbeidet sitt. Göteborgs universitet som organiserte reisa, er blitt kåra til det mest berekraftige universitetet i Europa. Dei sende like godt heile ti personar ut på denne flyturen for miljøet.

Me har ingenting imot at tilsette i UiO-administrasjonen drar på jobbreiser for å kunna skaffa seg meir kunnskap om korleis universitet i andre land har kome fram til meir miljøvennlege løysingar. Det finst mange gode argument for det. Det som er litt vanskelegare å forklara er korleis dei så lett kan brenna av 150 000 kroner fordelt på fire personar, i eit år der resten av Sentraladministrasjonen må spara 10 millionar kroner. Det endelege målet er at Sentraladministrasjonen skal spara inn 50 millionar kroner i løpet av dei åra prosjektet Internt handlingsrom går føre seg.

Det vil sjølvsagt vera umogleg å koma seg til USA og Canada utan å bruka fly. Leigebil kan både vera meir praktisk og billegare enn tog og buss i dei to landa, men kanskje det hadde vore mogleg å ha leigd ein turbuss for alle saman når dei trass alt var 14 personar. Og mellom San Francisco og Stanford går det tog. Det gjer det også mellom San Francisco og Berkeley. Så i alle fall på desse to strekningane kunne dei gått føre med eit godt døme og reist kollektivt. Og var det ikkje mogleg å bu på hotell som ikkje låg i øvre prisklasse, for å spara inn pengar på den måten? I artikkelen i Uniforum viser dei til at dei måtte hengja med på opplegget til Göteborgs universitet, og takka og bukka til den ferdigsydde turen.

Og kva lærte dei så på turen? Dei fann mellom anna ut at i Berkeley har dei lagt ned forbod mot plastposar på campus, i Portland har dei fått ein privat donasjon på 25 millionar dollar som mellom anna går til forsking på berekraft. Ved University of Oregon i Eugene satsar dei sterkt på samarbeid med lokalmiljøet, og stiller 40 000–60 000 studentarbeidstimar gratis til rådvelde for byane i delstaten. I heftet «Nytt semester, ny grønn start» gitt ut av Grønt UiO, står det at for å unngå uynskt emballasje, er det mest miljøvennlege me som studentar og tilsette kan gjera, å ta med oss matpakke på jobben. Kanskje miljøreisene no bør gå den andre vegen, slik at dei miljøansvarlege ved universiteta i USA og Canada kan sjå korleis det går an å eta miljøvennleg?

 


 

 

 

 

 

 

Emneord: Miljøforskning, Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 22. aug. 2012 14:26 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15

Takk for at dere setter fokus på miljø-arbeidet og -manglene ved UiO! Det er en av pressens viktigste oppgaver. Vi i Grønt UiO jobber med å redusere flyreisene, blant annet ved å hjelpe forskere og andre ansatte til å utnytte videokonferanse-mulighetene vi har bedre. Vi vil snart lyse ut noen studentprosjekter for dette formål.

De som måtte ønske å lese mer om hva vi lærte på turen kan gjøre det her på bloggen vår.

Mvh, Børge A. Roum Prosjekt/kommunikasjonsarbeider Grønt UiO @GrontUiO

borgerou - 23. aug. 2012 10:37

Vi reiste faktisk med tog fra San Francisco til både Stanford og Berkeley.

Jeg foreslår derfor at du stryker følgende i din leder om vår roadtrip: "Og mellom San Francisco og Stanford går det tog. Det gjer det også mellom San Francisco og Berkeley. Så i alle fall på desse to strekningane kunne dei gått føre med eit godt døme og reist kollektivt."

Vi brukte leiebil fra Vancouver via Portland og Eugene til San Francisco. Vi spurte Avis i Vancouver om de hadde en miljøvennlig bil. Det kunne de ikke tilby. 

Margareth Bentsen - 24. aug. 2012 10:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere