Eit tyskfag ute av bylgjedalen?

Tenk kor god reklame det hadde vore for Noreg om kronprinsesse Mette-Marit hadde opna den store utstillinga om Edvard Munch i Frankfurt på flytande tysk i staden for på feilfritt engelsk

FØREBILETET: Alexander von Humboldt-universitetet i Berlin har vore førebilete for mange andre universitet.(Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Det er framleis mange unge som tar tysk i den vidaregåande skulen. Og tyskstudenten er heller ikkje heilt borte på Universitetet i Oslo. Pendelen for tyskfaget kan vera i ferd med å svinga den rette vegen, viser midtsidereportasjen om tyskfaget i dagens utgåve av Uniforum. På Oslo katedralskole er det like mange elevar som tar tysk som tar spansk.

– Eg valde tysk fordi det verka mykje meir morosamt enn spansk og fransk og ligg mykje nærmare Noreg og norsk, seier tyskelev Elise Anly. Heller ikkje på Blindern treng ein lenger gå rundt med lupe for å finna ein tyskstudent. I haust begynte 30 studentar på 80-gruppe i tysk, medan det går 14 studentar på masterstudiet.Derimot er det ikkje like lett å finna tyskprofessorar. I dag finst det berre tre tyskprofessorar på Universitetet i Oslo. Den eine av dei vil snart gå av med pensjon.

Me synest det er bra at den negative utviklinga for tyskfaget no er i ferd med å stansa opp, og at interessa for tysk truleg er i ferd med å ta seg opp. Sidan Tyskland er ein av dei viktigaste handelspartnarane til Noreg, er det sjølvsagt viktig at me kan snakka med tyskarane på deira eige morsmål. I området til det gamle Aust-Tyskland duger heller ikkje engelsk. Tyskland og Austerrike er saman med den tysktalande delen av Sveits også viktig kulturelt for Noreg.

Tenk kor god reklame det hadde vore for Noreg om kronprinsesse Mette-Marit hadde opna den store utstillinga om Edvard Munch i Frankfurt på flytande tysk i staden for på feilfritt engelsk. Det hadde gjort både tyskarane og nordmennene endå stoltare av kronprinsessa. Dessutan hadde det vore eit viktig signal å senda til dei ungdommane som vurderer om dei skal studera tysk.

Næringslivets hovudorganisasjon (NHO) er mellom dei organisasjonane som er flinkast til å understreka kor viktig det er for Noreg at unge lærer seg tysk, slik at dei kan få endå betre kontakt med folk som me handlar med i Tyskland. Men kva er grunnen til at så få norske selskap tilset folk som har studert både tysk språk og kultur og andre framandspråk på eit av dei norske universiteta? Bør ikkje dei stilla krav om at språkkunnskapane må ha høg kvalitet på lik linje med krava dei stiller til økonomi- og sivilingeniørutdanning?

Næringslivet må også visa vilje til å kunna tilsetja folk som kan litt meir enn dei som har tysk light på toppen av ei økonomi- eller sivilingeniørutdanning. Det kan hindra nordmenn i utlandet i å gjera kulturelle bommertar, som til dømes å tru at den norske drikkekulturen er ein viktig eksportartikkel som dei bør ha med seg når dei er på forretningsreise. Kanskje litt kulturell innsikt i Tyskland og andre av våre handelspartnarar kan vera skilnaden på ein milliardkontrakt og ein fiasko. Då vil det svara seg også økonomisk å satsa på tysk og andre framandspråk.

 

Emneord: Tyskland, Tysk, Internasjonalisering Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 20. feb. 2012 15:59 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere