Eit positivt skifte

Med Kristin Halvorsen som statsråd for heile Kunnskapsdepartementet vil ingen vera i tvil om kven som styrer norsk utdannings- og forskingspolitikk.

ALLMEKTIG MINISTER: Kristin Halvorsen styrer no Kunnskapsdepartementet åleine.

Foto: Ola Sæther

Det første den nyvalde SV-leiaren Audun Lysbakken gjorde, var å senda Tora Aasland tilbake til fylkesmannsembetet i Rogaland og la forgjengaren sin, Kristin Halvorsen overta ansvaret for heile Kunnskapsdepartementet. Det vil seia at ho no er den øvste, politiske leiaren for alt frå barnehagar til forsking og høgare utdanning. Då det blei klart at ho også ville få forsking og høgare utdanning i porteføljen sin, lova Kristin Halvorsen at desse områda ikkje skulle bli gløymde, sjølv om dei ikkje fekk ein eigen statsråd lenger.

Knapt ein månad etter endringane i Kunnskapsdepartementet er ho godt i gang med å oppfylla denne lovnaden. Ho har deltatt både på offentleggjeringa av rapporten som tilrår at Noreg held fram med dagens forskingssamarbeid med EU, og på konferansen der forskingsinstitusjonane, fagorganisasjonane og næringslivsorganisasjonane var inviterte til å koma med innspel til den nye forskingsmeldinga, som skal vera klar i 2013. 

Denne veka var Kristin Halvorsen på sitt første besøk på Universitetet i Oslo etter at ho fekk ansvaret for forsking og høgare utdanning. Tora Aasland gjorde ein flott jobb som statsråd for forsking og høgare utdanning og var godt likt av forskarar og andre tilsette på universitet og høgskular. Men dei var ikkje like nøgde med at ho ikkje klarte å skaffa dei større løyvingar, sjølv om Aasland sjølv hevda at det aldri hadde blitt løyvt så mykje pengar til forsking og høgare utdanning som i hennar statsrådstid.

Det som likevel ikkje kan stikkast under stol, er at kjendisfaktoren til Kristin Halvorsen er langt større enn hos Tora Aasland. Altfor mange nordmenn visste ikkje kven som var statsråd for høgare utdanning og forsking den tida Aasland sat i statsrådsstolen. Med Kristin Halvorsen som statsråd for heile Kunnskapsdepartementet vil ingen vera i tvil om kven som styrer norsk utdannings- og forskingspolitikk.

Som tidlegare finansminister har Kristin Halvorsen avslørt at ho kan ein del triks om korleis det vil vera mogleg å skaffa pengar til sektoren. Ho har likevel ikkje garantert at ho vil nytta seg av desse triksa. På innspelkonferansen om den komande forskingsmeldinga var ho tvert imot ganske klar på at det ikkje var noko stort håp om å auka budsjettrammene til høgare utdanning og forsking, så lenge det er ei finanskrise i Europa som lett kan smitta over til Noreg. Halvorsen oppfordra representantane for forskings-Noreg til å vera meir konstruktive og koma med andre innspel enn berre å be om meir pengar til sin sektor. Streng, men rettferdig, ser ut til å bli mantraen til Kristin Halvorsen overfor universitets- og høgskulesektoren.

Me har tru på at hennar person åleine vil kunna skapa meir merksemd rundt forsking og høgare utdanning. Då vil kanskje ikkje bortfallet av ein statsråd i Kunnskapsdepartementet vera eit så stort tap som mange spådde på førehand. Difor trur me at dette var eit positivt skifte.

 

Emneord: Forskingspolitikk, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 20. apr. 2012 16:30 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere