Tar språkopplæringa på alvor

Når det ikkje var mogleg å få ein naturleg samarbeidspartnar med på laget, synest me det er rett at Universitetet i Oslo viser at det tar språkopplæringa på alvor og opprettar eit språksenter på eiga hand.  

Universitetet i Oslo bør oppretta eit fagleg styrt språksenter som samlar alle dei miljøa som i dag driv opplæring i reiskapsspråk, som norsk for internasjonale studentar og forskarar og engelsk for norske stipendiatar og tilsette, og for internasjonale studentar som skal fylgja undervisning på engelsk. Det er tilrådinga til ei arbeidsgruppe som er blitt leidd av lingvistikkprofessor Hanne Gram Simonsen.

Dermed har arbeidsgruppa lagt planane om å oppretta eit språksenter saman med Høgskolen i Oslo, heilt bort. Når det ikkje var mogleg å få ein naturleg samarbeidspartnar med på laget, synest me det er rett at Universitetet i Oslo viser at det tar språkopplæringa på alvor og opprettar eit språksenter på eiga hand.

Hanne Gram Simonsen peikar på at språkopplæringa må styrkjast, samlast og gjerast synleg. Og det blir det om Universitetsstyret fylgjer tilrådinga og opprettar eit eige språksenter. Me er einige med henne i at dette er heilt naudsynt for eit universitet med internasjonale ambisjonar.

– Skal me kunna oppfattast som ein interessant samarbeidspartnar internasjonalt og skal me kunna fremja grensesprengjande forsking, utdanning og formidling i ein internasjonal samanheng, er me heilt avhengige av å styrkja språkopplæringa, seier Gram Simonsen i denne utgåva av Uniforum. 

Dermed har det endeleg begynt å koma fleire konkrete ting ut av arbeidet med språkinnstillinga ”Snart to hundre” frå 2006, eit arbeid som blei leidd av professor  i statsvitskap Helge Hveem. I fjor haust lanserte også UiO sine eigne språkpolitiske retningslinjer. Med tilrådinga om å oppretta eit språksenter, har også eit anna av hovudforslaga i den første språkinnstillinga blitt fylgt opp.

Oppfordringa vår er at rektoratet fylgjer tilrådinga i møtet 27. januar og at Universitetsstyret til slutt vedtar forslaget. Slik kan UiO også koma i den europeiske meisterligaen ved å ta ansvar for at språkopplæringa av eigne tilsette og studentar held høg kvalitet. Ser me dei språkpolitiske retningslinjene og tilrådinga om å oppretta eit språksenter i samanheng, ligg alt til rette for at UiO både kan fylgja reglane i mållova, byggja opp under eit norsk fagspråk og samtidig vera på topp internasjonalt når det gjeld kvaliteten på det engelske fagspråket.

Dette viser at UiO no tar språk og språkopplæring på alvor.
 

Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 19. jan. 2011 15:42 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere