Ta universitetet i bruk!

Uniforum vil oppfordra alle sine lesarar til å ta med seg slekt og venner til Blindern og Chateau Neuf den 21. mai, på jubileumsårets første idéfestival.

IDÉFANGST: På gata på Karl Johan viste UiO:200 tidlegare i månaden at dei også er interesserte i idear frå folk på gata.

Foto: Ola Sæther

Den 21. mai skipar UiO:200 til jubileumsårets første idéfestival på Blindern. Prosjektleiar Espen Røsbak lovar Noregs største og viktigaste klimafestival. Med over 50 ulike arrangement på programmet frå klokka 12 til 17 laurdag 21. mai får han truleg rett. Både biologiprofessorane Dag O. Hessen og Nils Chr. Stenseth og professor i samfunnsgeografi Karin O’Brien skal diskutera ulike sider av konsekvensane klimaendringane vil ha både for dyrelivet og for Noreg som samfunn. Og prorektor Inga Bostad og tidlegare UiO-rektor Arild Underdal vil samtala om korleis UiO kan bli eit berekraftig universitet. Heile festivalen blir runda av med semifinalen i Forskar-Grand Prix klokka 18.00 den same dagen.

Uniforum vil oppfordra alle sine lesarar til å ta med seg slekt og venner til Blindern og Chateau Neuf denne dagen, både for å få masse nyttig kunnskap, for å kunna bli irritert og engasjert og for å kunna få eit bilete av eit universitet som ynskjer å visa at det er ein viktig del av samfunnet og at det aktar å vera det i tida framover også. Me vil også oppfordra folk til å delta på idéfestivalane om mangfald i juni, digitalisering i september og om menneskekroppen i oktober. No gjeld det å visa at me set pris på alt som Universitetet i Oslo står for når det gjeld å finna ny kunnskap, delta i klimadebatten, den politiske debatten og den generelle samfunnsdebatten.

Difor skal jubileumssekretariatet UiO:200 ha stor ære for at dei set i gang desse store festivalane som kan få folk flest til å droppa handleturen på Karl Johan ein laurdag og heller dra til Blindern.

På gata på Karl Johan viste dei tidlegare i månaden at dei også er interesserte i idear frå folk på gata. 122 idear kom inn på ein dag, medan håpet er 10 000 i løpet av 2011.

Forskarkandidatane har vist veg ved å melda seg på i konkurransen Forskar-Grand Prix. Av 60 påmelde er 20 no i dei to semifinalane. Dei to Uniforum har snakka med, brenn begge for formidling. Det hadde vore fantastisk om folk kunne stilt opp i like stor grad som under Ski-VM når forskarkandidatar skal konkurrera offentleg. Det blir i alle fall mykje å gleda seg til for dei som vil delta på desse idéfestivalane.

 

Emneord: UiOs 200-årsjubileum, Forskningsformidling Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 13. apr. 2011 15:23 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15

På idéfestivalens facebooksider kan du dele dine idéer.

Stein Roar Fredriksen - 14. apr. 2011 09:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere