Oljeinntekter kan finansiera forsking

For oss vil finansiering av forsking i inn- og utland vera både ei klokare og meir rekningssvarande investering enn å bruka oljepengane på å kjøpa opp aksjar til ned- og oppgåande kursar over heile verda.

OLJE FOR FORSKING:Ein del av oljeinntektene frå mellom anna Statfjord A-plattforma, kan via Statens pensjonsfond utland gå til å finansiera norsk forsking, meiner opposisjonen på Stortinget.

Foto: Øyvind Hagen/StatoilHydro

Opposisjonspartia på Stortinget foreslår å setja av 100 milliardar kroner av Statens pensjonsfond utland til eit nytt Forskingsfond. Kvart år skal avkastinga, tilsvarande fire prosent – eller 4 milliardar kroner – øyremerkjast til forskingsformål, og utviklinga av miljøteknologi skal vera eit prioritert område.

Me tykkjer at dette er eit godt og konstruktivt forslag som forskingsminister Tora Aasland må ta imot som ei fin førjulsgåve frå opposisjonen. Det hastar med å få brukt desse milliardane til naudsynte investeringar i vitskapleg utstyr og infrastruktur og framtidsretta forsking i Noreg.

For oss vil finansiering av forsking i inn- og utland vera både ei klokare og meir rekningssvarande investering enn å bruka oljepengane på å kjøpa opp aksjar til ned- og oppgåande kursar over heile verda. Samtidig kan slike investeringar gjera Noreg meir attraktiv som forskingsnasjon internasjonalt i ei tid der andre europeiske land må skjera ned på dei offentlege investeringane i høgare utdanning og forsking.  

Olje for forsking, er ikkje noko dårleg slagord for dei som forvaltar oljerikdomen vår. Noreg kan gjennom å bruka ein del av dei pengane me har på bok til dette formålet, i alle fall finansielt, bli ei stormakt i forsking.  Det vil vera bra både for forskinga og for Noreg sitt omdømme i verda. Håpet vårt er at forskings-Noreg og stortingsopposisjonen klarer å finna så gode argument for å øyremerkja delar av  Statens pensjonsfond utland til forsking at forskingsminister Tora Aasland og regjeringa kan gå inn for dette. Det vil både Noreg og forskingsverda tena på.

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Økonomi Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 23. nov. 2011 11:10 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere