Knefall for Stahl?

Det er heilt på sin plass at det blir offentleg kjent kor stor fallskjerm tidlegare universitetsdirektør Kjell Stahl fekk, no over 20 år etterpå.

I dagens utgåve av Uniforum skriv universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og rektor Ole Petter Ottersen at dei seier seg leie for at to sentrale tillitsvalde og ein tidlegare rekneskapssjef ved UiO har gått ut i Uniforum og offentleggjort kva sum Kjell Stahl fekk i fallskjerm då han frivillig gjekk av som universitetsdirektør i 1990. Det var ingen løyndom at summen var på rundt 1,5 millionar kroner. I heile den norske pressa verserte det beløpet. Det som er nytt og som Uniforum har skrive om, er at to av dei personane som var med på å skriva under avtalen med Stahl, har stått fram og stadfesta kor mykje pengar Kjell Stahl fekk.

Tjue år etter at dette skjedde, synest me at ei teieplikt om ein slik sum må vera oppheva. Eit eventuelt trugsmål om søksmål frå Kjell Stahls advokat John Christian Elden må ikkje få universitetsleiinga til å gå ned i kneståande og føla seg pressa til å skriva at dei seier seg leie for det som har skjedd både på vegner av Uniforum og dei tidlegare tillitsvalde og tilsette ved UiO.      

Det var mange som likte universitetsdirektør Kjell Stahl som person. Men det var langt færre som var nøgde med måten han behandla dei tilsette på i den perioden han var universitetsdirektør. Det var ikkje utan grunn at fleirtalet i det dåverande Kollegiet gav han tilbod om å gå av frivillig mot ein fallskjerm i kompensasjon. Uansett om beløpet var 1,5 millionar kroner eller meir, var det ein liten sum å betala for den skaden Kollegiet meinte det ville ha gitt UiO å ha halde fram med Kjell Stahl som universitetsdirektør.

Dette er offentlege pengar. Difor meiner me at det er heilt på sin plass at det blir offentleg kjent kor stor fallskjerm Kjell Stahl fekk, no over 20 år etterpå. Det er ingen grunn for universitetsleiinga å seia seg lei for dette.    

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Personalbehandling/politikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 12. mai 2011 10:37 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere