Gratulerer med 200-årsdagen!

Universitetet i Oslo  må halda fram med å vera den fremste forsvararen for prinsippa om eit liberalt velferdssamfunn basert på ytringsfridom,  akademisk fridom, pressefridom, respekt for menneskerettane og likeverd og lik behandling av alle som bur i landet uavhengig av kulturell bakgrunn, språk og kjønn.

JUBILEUMSGLEDE: Både UiO-rektor Ole Petter Ottersen, forskingsminister Tora Aasland, Oslo-ordførar Fabian Stang og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe kan gleda seg over dagens 200-årsjubileum for Universitetet i Oslo. (Arkivfoto: Ola Sæther)

I dag for 200 år sidan blei det endeleg bestemt at Noreg skulle få sitt eige universitet. Fram til då hadde alle norske akademikarar måtta ta utdanninga si i utlandet, som regel ved Københavns Universitet. Det blei starten på  Det Kongelige Frederiks Universitet som i 1813 kunna opna dørene i Christiania. Berre eitt år seinare sa Noreg seg sjølvstendig frå Danmark og vedtok Noregs grunnlov på Eidsvoll. Resultatet blei  at Noreg gjekk frå ei frigjering frå Danmark til ein union med Sverige, med ein stor grad av indre sjølvstyre. I denne nye nasjonen blei universitetet ein viktig aktør for å utdanna embetsmenn som kunne ta del i nasjonsbygginga, men også som politikarar og statsrådar. 

Etter at Noreg blei heilt fritt i 1905 tok universitetet på seg oppgåva med å utdanna menn, og etter kvart også kvinner, til å byggja opp det norske velferdssamfunnet. Polarhelten og vitskapsmannen Fridtjof Nansen var ein av dei store personlegdomane som gjorde ein akademisk karriere på universitetet. Ein annan var universitetet sin første valde rektor, Waldemar Christopher Brøgger. Han stod i fremste rekkje under 100-årsjubileet i 1911, og var i alle fall med på vedtaket om å lata kunstmålaren Edvard Munch få dekorera den flunkande nye aulaen med kjempemåleria sine. Den gongen var det ei omstridd avgjerd, seinare har historia synt oss at det var eit klokt vedtak.  

Seinare kom både dei to første kvinnelege professorane zoologen Kristine Bonnevie og kjemikaren Ellen Gleditsch, språkforskaren Georg von Morgenstierne,  Nobelprisvinnarane Odd Hassel, Ragnar Frisch og Trygve Haavelmo og mange fleire til og gjorde sitt for at Universitetet i Oslo etter kvart blei kjent også utanfor landegrensene. 

I moderne tid har petroleumsforskinga og geologisk forsking vore med på å utvikla det norske oljeeventyret til havs. Havrettsjuristane ved Det juridiske fakultetet har vore like viktige for å sikra at olja var innanfor norsk territorialfarvatn og kom under nasjonal kontroll.  

Den aller viktigaste oppgåva til Universitetet i Oslo har likevel truleg vore utdanninga av tusenvis av lærarar som har gitt den akademiske kunnskapen sin vidare til elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen, og også til studentar på andre høgskular og universitet. Dei har deltatt i arbeidet med å demokratisera og desentralisera den høgare utdanninga, slik at også stader utanfor Oslo-gryta har kunna byggja opp levekraftige lokalsamfunn med eit konkurransedyktig næringsliv som har sysselsett ferdig utdanna studentar frå den lokale høgskulen eller det regionale universitetet. Heilt fram til 1946 var Universitetet i Oslo det einaste norske universitetet. Då fekk Bergen endeleg sitt universitet. Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim hadde likevel eksistert  side om side med universitetet i hovudstaden sidan 1910.

I dag er Universitetet i Oslo eitt av fleire universitet i Noreg. Det kan likevel utan blygsel framleis kalla seg for Noregs beste og største universitet. Universitetet i Oslo er med få unntak alltid på topp av dei norske universiteta kvar gong det kjem ei ny rankingliste over dei beste universiteta i verda. I staden for å kvila på sine laurbær på 200-årsdagen, ser Universitetet i Oslo framover mot ei grøn og berekraftig framtid der det vil vera i førarsetet når det gjeld både å utvikla teknologiske nyvinningar og å finna ut korleis folk skal godta å gå over frå petroleumssamfunnet til ei grønare og meir klimavennleg verd. 

Samtidig må Universitetet i Oslo greia å halda fram med å vera den fremste forsvararen for prinsippa om eit liberalt velferdssamfunn basert på ytringsfridom,  akademisk fridom, pressefridom, respekt for menneskerettane og likeverd og lik behandling av alle som bur i landet uavhengig av kulturell bakgrunn, språk og kjønn. Det må vera svaret frå Universitetet i Oslo til dei kreftene som prøvde å riva ned desse berebjelkane den 22. juli i år.

Det faktum at det var UiO som sist laurdag sette i gang ein forelesingsserie om ideologi, psykologi og andre tema som blei aktualiserte av bombeåtaket mot Regjeringskvartalet og massakren på Utøya den 22. juli, gjer oss stolte av at universitetet tar den oppgåva alvorleg. Slik viser det at det vil vera ein del av samfunnet gjennom å presentera kunnskap om brennaktuelle tema.

Me gratulerer Universitetet i Oslo med 200-årsdagen og ynskjer alle tilsette og studentar lykke til med jubileumsfeiringa.

 

.

 

 

 

Emneord: UiOs 200-årsjubileum, Universitetshistorie Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 1. sep. 2011 18:19 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere