Forsking til å bli klok av

Ingen tar no til orde for at UiO må byggja ned kompetansen i Midtausten-kunnskap og heller bruka pengane på meir nyttig forsking som kan vera til meir gagn for samfunnet.

ANALYSAR: UiO-forskarar har kome med interessante, kloke og lærerike analysar av det som skjer i Egypt og Tunisia.

Foto: Mohammed Abed/AFP/Getty Images

Etter to veker med stort sett fredelege demonstrasjonar i dei største byane i Egypt, gjekk landets president gjennom snart 30 år, Hosni Mubarak endeleg av sist helg. Me gratulerer det egyptiske folket, men også det tunisiske, som først viste at det var mogleg å kvitta seg med ein diktatorisk president gjennom fredelege protestar. Og det skjer, der mange spådde at det ikkje ville skje, nemleg i Midtausten.  

I dei vekene protestane har gått føre seg har  det igjen vist seg kor viktig hjernekapitalen til forskarar frå UiO har vore.  I radio, fjernsyn og aviser har både sosialantropolog Unni Wikan,  frå SV-fakultetet og religionshistorikar Kari Vogt og Midtausten-historikar Bjørn Olav Utvik frå HF-fakultetet kome med interessante, kloke og lærerike analysar av det som skjer i Egypt og prøvd å svara på kvifor det som skjedde, hende akkurat no.  Ingen tar no til orde for at UiO må byggja ned kompetansen i Midtausten-kunnskap og heller bruka pengane på meir nyttig forsking som kan vera til meir gagn for samfunnet.  Faktum er at dette er kunnskap som både norsk næringsliv, og i aukande grad også Forsvaret og andre samfunnsinstitusjonar har bruk for.  Difor bør dei som talar for å byggja ned fag  og forskingsaktivitetar  i humanistiske og samfunnsvitskaplege fag, no ha fått seg ein lærepenge.

Også då borgarkrigen braut laus i Jugoslavia på 1990-talet, var det forskarar rundt det vesle fagmiljøet i slaviske språk, som kunne analysera og fortelja journalistar og andre kvifor landet gjekk i oppløysing, og gi oss meir kunnskap om den lange historia om konfliktar mellom dei ulike folkegruppene som var blitt samla i Jugoslavia.  I dag er det få som ikkje veit at Svein Mønnesland er professor i slaviske språk og ein av våre fremste Balkan-ekspertar. Før krisa i Jugoslavia var det få eller ingen som visste kven han var.

Me vil difor åtvara Universitetet i Oslo og fakulteta mot å leggja ned små fag, berre fordi dei er små. Det må vera rom for å ha fag som ein ikkje allltid ser nytteverdien av. For tretten år sidan var det arabisk som var utsett for sparekniven. I fjor var det undervisninga om dei franskspråklege landa i Afrika sør for Sahara, som blei kutta. Det er synd, for det er kunnskap som er bygd opp gjennom mange år, og som det vil ta lang tid å byggja opp igjen.  Regjeringa bør no sjå at hjernekapital er vel så viktig som pengekapital.  Men pengar trengst, også for å utvikla og auka hjernekapitalen.  

Emneord: Forskningsformidling, Egypt, Språk, Afrika Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 16. feb. 2011 16:35 - Sist endra 2. sep. 2014 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere