Ein klok praksis

Me trur det vil vera ein fordel for forskingsmiljøa ved UiO om fleire av dei yngre og lovande forskarane blir hanka inn i faste stillingar, før dei blir rekrutterte til konkurrerande universitet.

Universitetet i Oslo vil heretter innføra ein praksis der fast tilsetjing er hovudregelen ved langvarig, ekstern finansiering. Det er det viktigaste innhaldet i høyringsfråsegna til Rindal-rapporten. Det blir spennande å sjå om dette vil føra til at dagens praksis blir endra. I universitetsstyremøtet 1. mars sa rektor Ole Petter Ottersen at UiO hadde gått for langt i å tilsetja mellombels på eksterne midlar. Han meinte også at det ikkje hadde vore til det beste for institusjonen, og at dei hadde vore for lemfeldige i dette spørsmålet.

Me meiner at dette er eit klokt, fornuftig og framtidsretta tiltak, som kjem i møte både dei som kjempar for å koma over frå ei mellombels til ei fast stilling, og forskingsleiarar som er opptekne av å ha ein best mogleg, fleksibel stab. Viss ynsket til UiO blir gjeldande praksis, vil truleg ein del av dei som fram til no har gått ut og inn av mellombelse stillingar sjå fram til å få ei fast forskarstilling. Men slett ikkje alle. For samtidig blir det foreslått å fjerna fortrinnsretten til ledige stillingar.

Nokre av leiarane for forskingssentra har frykta at det vil koma ein straum av krav om faste tilsetjingar, og trur at konsekvensen vil bli mindre fleksibilitet og at dei som får faste stillingar, gjer det fordi dei har lengst ansiennitet og ikkje fordi dei er dei beste forskarane. Me trur derimot at det vil vera ein fordel for forskingsmiljøa ved UiO om fleire av dei yngre og lovande forskarane blir hanka inn i faste stillingar, så fort som mogleg, før dei blir rekrutterte til konkurrerande universitet. Det finst nemleg ei grense for kor lenge unge forskarar har tolmod til å venta på å få eit ordna liv med fast inntekt, høve til å få bustadlån og ha eit ordna familieliv.

I august i fjor kunne Uniforum fortelja om den glimrande, unge partikkelfysikaren Bjørn Samset som hadde takka ja til ei forskarstilling ved Cicero, fordi han ikkje orka å jobba i ei mellombels stilling lenger. Han ynskte eit normalt familieliv. For dei som er blitt tilsette i faste stillingar og som kjem frå andre land, er det nettopp dei sosiale velferdsordningane som gjer at dei kjem hit og at dei blir verande. Det er truleg endå viktigare enn nokon gong før, sidan Noreg er eit av dei få landa i Europa der universitetsbudsjetta ikkje blir kutta, men derimot aukar litt frå år til år. Sikkert ikkje nok, vil mange meina, men for vitskaplege tilsette i Storbritannia, Island og Spania vil truleg ei stilling ved Universitetet i Oslo eller eit anna norsk universitet, vera som å koma til Paradis, samanlikna med situasjonen i heimlandet. Det høyrer heller ikkje heime nokon stad at forskarar eller andre tilsette må ta til takke med mellombelse stillingar i opp til ti år, utan å få tilbod om fast jobb. Det er bra at Universitetet i Oslo har som mål å rydda opp i dette.

Emneord: Rekruttering, Stipendiat, Arbeidsforhold, Personalbehandling/politikk, Forskningspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 10. mars 2011 17:05 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere