Ein dyrkjøpt lærdom

Alle må ta eit ansvar for at konfliktar må bli tatt opp og bli løyste straks dei dukkar opp. Det må to kostbare rundar i retten ha lært leiarar ved Universitetet i Oslo.

I RETTEN: Den sparka mellomalderprofessoren Arnved Nedkvitne (t.v.) konfererer med advokaten sin, Vidar Strømme i Borgarting lagmannsrett.

Foto: Ola Sæther

Nedkvitne-saka har ikkje vore noko god sak for Universitetet i Oslo. Uansett om UiO får medhald eller ikkje når dommen fell om tre veker, har det fått ei alvorleg skramme i omdømmet sitt, i jubileumsåret 2011.

Dagane i Borgarting lagmannsrett har vist oss både ein sta, prinsippfast og plagsam professor, men også ein professor som gjorde jobben sin og meir til. Han forska meir enn han trengde, han fylgde opp studentane langt betre enn mange av kollegaene sine og han skreiv bøker og artiklar om mellomalderen. Men då han sende ut e-postar med både fagleg kritikk og personlege karakteristikkar av sine overordna og sine meiningsmotstandarar på Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) forsto han ikkje sitt eige beste. Det er så langt også blitt hans bane og ein av grunnane til at UiO i tingretten fekk medhald i avgjerda om å sparka han ut av professorstillinga, med grunnlag i Tenestemannslovas paragraf 15 A, om at han har krenkt tenestepliktene sine.

Det viktigaste  som kom fram i den siste rettsrunden, var avsløringa av at det truleg er fleire enn ein person som har skapt dårleg arbeidsmiljø på instituttet.  Behovet for ei eiga arbeidsmiljøundersøking på instituttet er godt kartlagt. Den viktigaste lærdomen for Universitetet i Oslo er at konfliktsaker ikkje bør liggja og gnaga på eit arbeidsmiljø i år etter år, slik at det til slutt blir ein eksplosjon etter ti år. Alle må ta eit ansvar for at konfliktar må bli tatt opp og bli løyste straks dei dukkar opp.  Det må to kostbare rundar i retten ha lært leiarar ved Universitetet i Oslo.

Nedkvitnes advokat, Vidar Strømme ville gjera rettssaka til eit spørsmål om ytringsfridom. Etter dommar i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg, burde Nedkvitnes ytringar absolutt vera innanfor det eit universitet bør tillata ein professor å skriva, meinte han. Motparten meiner at det er svært høgt under taket på universitetet når det gjeld faglege ytringar, men ikkje for personleg trakassering. Regjeringsadvokat Elisabeth Stenwig meiner på vegner av UiO at Nedkvitne har drive med trakassering av kollegaer og overordna, i staden for å ha kome med ytringar om faglege spørsmål.

Så sjølv om formålet til Nedkvitne var å peika på skeiv fordeling av dei økonomiske ressursane til dei ulike faggruppene på instituttet, øydela forma og dei personlege utskjellingane i e-postane for dette. Og då han heller ikkje møtte opp til dei møta han var kalla inn til, blei det altså førebudd ei avskilssak mot han.

Etter seks dagar med vitneførslar frå Nedkvitnes advokat og regjeringsadvokaten i Borgarting lagmannsrett, blir det interessant å sjå om dommarane vil fylgja opp dommen frå Tingretten, eller om dei vil gi Nedkvitne medhald i sine ankepunkt mot universitet og i kravet om å få stillinga tilbake.

 

Emneord: Arbeidsmiljø, Arbeidsforhold, Universitetspolitikk, Personalbehandling/politikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 2. feb. 2011 15:09 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14

 

UIO `s holdning til vitenskap er problematisk

 

At UIO, i allianse med rettsmyndighetene, har benyttet seg av e-posten for å sikre avskjedigelse av professoren, kan vanskelig anses som rettferdig. Forsøket på å plassere han på det sidesporet, som også baserer seg på sekundære totaloppfatninger og spekulasjoner som stenger ut personen, kan vanskelig knyttes til erkjennelse. Universitetet utelukker derved vitenskapen i sitt standpunkt.

UIO` s bevisførsler kaster jord på uretten som finnes på innsiden. En sperret linjeorganisering, der alt utvetydig og tregt lar seg føre tilbake til hverandre, lik UIO` s sikre og selvfølgelige bevisførsler, sluker hele fundamentet av vitenskap og forskning. Verken fagligheten eller ansatte har mulighet til å finne mening innenfor et system som uformidlende reduserer unntaket mennesket, og degraderer sannheten til en resignert relativitet.

 Heidi Stakset

 

aubry@ntnu.no - 3. feb. 2011 20:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere