Ei naudhandling

Me er overtydde om at Universitetet i Oslo vil mista ei brei kontaktflate og mange trufaste venner, om dei ikkje lenger får Uniforums papirutgåve som kontaktorgan og som ei bodstikke om det som skjer på Universitetet i Oslo. 

Universitetsstyret skal førstkomande tysdag få ei orientering om Uniforum sin økonomiske situasjon og bakgrunnen for at Uniforum-styret har vedtatt å leggja ned papirutgåva. Etter det me har grunn til å tru vil fleire av styremedlemane koma med forslag om ei ekstraløyving til Uniforum som kan redda papiravisa. Om forslaget vil få fleirtal, er enno uvisst.

Uniforums styre har tidlegare vedtatt at papiravisa skal leggjast ned og at dei innsparte pengane skal brukast til å lata ei halv journaliststilling bli heil. Avgjerda var ei naudhandling som blei tatt fordi budsjettramma til Uniforum var for liten til at det var forsvarleg av arbeidsmiljøårsaker å halda fram med å gi ut både papiravis og nettavis parallelt. Årsaka var ikkje at Uniforum-redaksjonen hadde eit brennande ynskje om å leggja ned papiravisa og kasta seg fullt og heilt på nettavisbylgja.

I budsjettramma Uniforum er tildelt frå Universitetet i Oslo går mesteparten av pengane til lønn. Rundt 360 000 kroner har gått til trykking og distribusjon av papiravisa til Uniforum. Etter at desse utgiftene er betalte, sat Uniforum-redaksjonen igjen med nesten ingenting til reiser, kurs, utstyr og andre mindre driftsutgifter.

For at Uniforum-redaksjonen skulle kunna ha ein forsvarleg arbeidssituasjon, fann redaksjonen saman med Uniforum-styret i fellesskap ut at det ville vera meir fornuftig å bruka dei økonomiske ressursane på å lata ei halv journalisstilling bli heil. Det får me til når me legg ned papiravisa. På den måten vil avisa ha det same mannskapet som den hadde før ein journalist døydde sommaren 2008. Då får me også heva den journalistiske kvaliteten på nettavisa.

Om Universitetsstyret går inn for ei ekstraløyving til Uniforum, vil det bli mogleg å halda fram med å gi ut papiravis også i framtida. Det er nemleg ikkje alle som les Uniforums nettutgåve. Og det er heller ikkje alle UiO-tilsette som har tilgang til PC på jobben. Difor kan det bli eit demokratisk problem og eit problem for interninformasjonen til UiO om Uniforums papirutgåve forsvinn. Då vil det berre vera studentavisa Universitas som studentar og andre vil kunna finna i stativa på universitetsområdet. Heller ikkje medlemane i alumni-foreiningane for tidlegare studentar ved UiO vil få tilsendt Uniforum. I dag har Uniforum nesten 3000 abonnentar i heile landet, i tillegg til dei som les Uniforum på UiO.

Me er overtydde om at Universitetet i Oslo vil mista ei brei kontaktflate og mange trufaste venner, om dei ikkje lenger får Uniforums papirutgåve som kontaktorgan og som ei bodstikke om det som skjer på Universitetet i Oslo. Sjølv om nettet er vidt, er det mange som kjempar om merksemda, og det er ikkje sikkert at Uniforums nettutgåve vil klara å skaffa seg nok olbogerom der. Difor vil me appellera til Universitetsstyret om å gi Uniforum den ekstraløyvinga redaksjonen treng for å kunna gi ut ei papiravis også. Me trur det kan vera godt investerte pengar for Universitetet i Oslo.

Emneord: Uniforum nett no, Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 16. juni 2011 16:11 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere