Det er ei klok avgjerd av Universitetsstyret å opna for andre alternativ enn Bjørvika for eit framtidig kulturhistorisk museum.
Besøksadresse
NEMKO-bygningenGaustadalleen 30 D
Det er ei klok avgjerd av Universitetsstyret å opna for andre alternativ enn Bjørvika for eit framtidig kulturhistorisk museum.
For oss vil finansiering av forsking i inn- og utland vera både ei klokare og meir rekningssvarande investering enn å bruka oljepengane på å kjøpa opp aksjar til ned- og oppgåande kursar over heile verda.
Universitetet i Oslo må halda fram med å vera den fremste forsvararen for prinsippa om eit liberalt velferdssamfunn basert på ytringsfridom, akademisk fridom, pressefridom, respekt for menneskerettane og likeverd og lik behandling av alle som bur i landet uavhengig av kulturell bakgrunn, språk og kjønn.
Me er overtydde om at Universitetet i Oslo vil mista ei brei kontaktflate og mange trufaste venner, om dei ikkje lenger får Uniforums papirutgåve som kontaktorgan og som ei bodstikke om det som skjer på Universitetet i Oslo.
Det er heilt på sin plass at det blir offentleg kjent kor stor fallskjerm tidlegare universitetsdirektør Kjell Stahl fekk, no over 20 år etterpå.
Uniforum vil oppfordra alle sine lesarar til å ta med seg slekt og venner til Blindern og Chateau Neuf den 21. mai, på jubileumsårets første idéfestival.
For forskings-Noreg og for Universitetet i Oslo er det viktig at det finst attraktive, men vanskelege mål som forskarar kan ha ambisjonar om å nå i fellesskap med andre.
Me trur det vil vera ein fordel for forskingsmiljøa ved UiO om fleire av dei yngre og lovande forskarane blir hanka inn i faste stillingar, før dei blir rekrutterte til konkurrerande universitet.
Ingen tar no til orde for at UiO må byggja ned kompetansen i Midtausten-kunnskap og heller bruka pengane på meir nyttig forsking som kan vera til meir gagn for samfunnet.
Alle må ta eit ansvar for at konfliktar må bli tatt opp og bli løyste straks dei dukkar opp. Det må to kostbare rundar i retten ha lært leiarar ved Universitetet i Oslo.
Når det ikkje var mogleg å få ein naturleg samarbeidspartnar med på laget, synest me det er rett at Universitetet i Oslo viser at det tar språkopplæringa på alvor og opprettar eit språksenter på eiga hand.