Språkpolitisk offensiv

Dei språklege retningslinjene viser at Universitetet i Oslo no ynskjer å vera på offensiven i utforminga av ein språkpolitikk for framtida.

PÅ OFFENSIVEN: Rektor Ole Petter Ottersen har godkjent dei språklege retningslinjene for UiO. Me tykkjer dette viser at UiO no ynskjer å vera på offensiven i uforminga av ein språkpolitikk for framtida, skriv Uniforum på leiarplass.

Foto: Ola Sæther

Før helga kunne Uniforum melda at UiO endeleg har fått ein språkpolitikk. Fire og eit halvt år etter at fagspråkinnstillinga ”Snart to hundre” låg på bordet, kunne rektor Ole Petter Ottersen godkjenna dei språkpolitiske retningslinjene for Universitetet i Oslo. Det gir me både han og resten av universitetsleiinga honnør for. Men også utvalsleiar Helge Hveem og dei andre som stod bak fagspråkinnstillinga, fortener heider for det grundige arbeidet dei gjorde.

Innstillinga ”Snart to hundre” har danna skule både for ein rapport frå Universitets- og høgskulerådet og for språkmeldinga som dåverande kulturminister Trond Giske la fram sommaren 2008. Difor er det rett og rimeleg at også grunnlaget for UiOs eigne språklege retningslinjer i stor grad byggjer på tilrådingane frå fagspråkutvalet.

Hovudmålet i retningslinjene er at språkpolitikken til UiO skal ta vare på og utvikla bruken av norsk språk og fagterminologi. Norsk skal vera hovudspråket i undervisninga, samtidig som det også er mogleg å bruka dansk og svensk. Engelsk er det primære framandspråket, heiter det, men det blir dessutan gitt rom for å bruka andre framandspråk der det er fagleg formålstenleg eller naudsynt.

Når det gjeld den vitskaplege publiseringa skal forskaren bruka det språket som er mest relevant for han eller henne, medan formidling naturleg nok skal skje på det språket som fungerer best for det publikummet formidlinga er retta til.Alle doktorgradsavhandlingar skal ha eit samandrag på engelsk og ei populærvitskapleg oppsummering på norsk.

Me tykkjer dette viser at Universitetet i Oslo no ynskjer å vera på offensiven i utforminga av ein språkpolitikk for framtida. Både i og utanfor Europa er det no eit aukande medvit rundt kor viktig det er å dyrka det språklege mangfaldet.

Det er eit faktum at folk blir klokare og ikkje dummare av å kunna fleire språk, sjølv om ikkje alle har tatt det innover seg. Også det har Universitetet i Oslo tatt konsekvensen av og slår fast at både utanlandske tilsette og studentar bør få tilbod om innføring i norsk språk. For dei som er på internasjonale studieprogram er det sjølvsagt ikkje noko krav om at dei skal kunna norsk. Det blir trekt fram at også reglane i Mållova skal gjelda for UiO, på lik linje med dei språklege retningslinjene.

No håpar me at fakulteta og dei andre einingane ved UiO fylgjer opp måla i retningslinjene, slik at det blir meir enn fagre ord. I oktober vil ei gruppe som har sett på forslaget om å oppretta eit språkkompetansesenter leggja fram si innstilling. Om dei går inn for eit slikt senter, vil språkpolitikken på UiO ha gått mange sjumilssteg framover.

Då har universitetet vist at det tar det nasjonale og internasjonale språkmangfaldet på alvor.
 

Emneord: Språkpolitikk, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Språk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 22. sep. 2010 14:42 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere