Opprydding i rett tid

No har bruken av mellombelse stillingar blitt kartlagt. Difor er det viktig at det blir innført ordningar som gjer at både arbeidstakar og arbeidsgjevar kan planleggja framtida, og at det blir eit balansepunkt mellom økonomisk tryggleik og naudsynt fleksibilitet hos begge partar.

Forskingsminister Tora Aasland krev at universiteta og høgskulane ryddar opp i bruken av mellombelse tilsetjingar. Ein ny rapport viser at sektoren har dobbelt så mange mellombelse tilsette som resten av arbeidslivet. Tala frå Statistisk sentralbyrå syner at i heile arbeidslivet har gjennomsnittet lege på ni prosent eller lågare for 2008, 2009 og til no i 2010. Men på universiteta og høgskulane var i 2009 19,8 prosent av alle i undervisnings- og forskarstillingar mellombels tilsette. I administrative stillingar var 17,8 prosent tilsette i mellombelse stillingar. I desse tala er ikkje rekrutteringsstillingar som stipendiatar, postdoktorstillingar og åremålsstillingar rekna med.

I heile universitets- og høgskulesektoren er det no 3876 mellombelse årsverk, 2322 av dei er i undervisnings- og forskarstillingar medan det er 1033 i mellombelse stillingar som sakshandsamarar og utgreiarar. Resten er i støttestillingar.

– Dette talet er altfor høgt, sa forskingsminister Tora Aasland på Forskarforbundets forskingspolitiske konferanse denne veka.

Tala kom fram i rapporten ”Bruk av midlertidig tilsetting i universitets- og høyskolesektoren”, som er forfatta av ei arbeidsgruppe leidd av NOVA-direktør og historieprofessor Magnus Rindal. Der blir det lista opp ein del forslag til tiltak som kan setjast i gang for at det skal vera mogleg å rydda opp i jungelen av mellombelse stillingar. Eit av tiltaka som blir foreslått, er at sektoren har årlege diskusjonar med Kunnskapsdepartementet om bruken av mellombelse stillingar. Eit anna tiltak som ein del av arbeidsgruppa går inn for, er å få inn fleire faste stillingar også i eksternt finansierte forskingsprosjekt over fire år. Og eit tredje tiltak som eit fleirtal av arbeidsgruppa foreslår, er å lata det bli lettare for universiteta og høgskulane å tilsetja ferdige doktorstudentar etter avslutta disputas ved ikkje å lata dei tre første stipendiatåra telja med i fireårsregelen.Derimot kan eit fjerde pliktår med undervisning eller annan obligatorisk praksis telja med. Statsråd Tora Aasland fortalde at ho hadde sympati for denne tanken, og såg det som sannsynleg at universiteta og høgskulane då kunne bli flinkare til å rekruttera dei inn i forskar- eller undervisningsstillingar, utan å risikera at dei ville krevja fast tilsetjing etter eitt år. Dermed vil dei unngå at fleire mellombels tilsette med ein stipendiatperiode bak seg, vil krevja fast tilsetjing, slik to tidlegare UiO-stipendiatar nyleg gjorde.

No har bruken av mellombelse stillingar blitt kartlagt. Difor er det viktig at det blir innført ordningar som gjer at både arbeidstakar og arbeidsgjevar kan planleggja framtida, og at det blir eit balansepunkt mellom økonomisk tryggleik og naudsynt fleksibilitet hos begge partar. Ingen er tent med at folk er tilsette i mellombelse stillingar i mellom ti og tjue år. Då må stillingane gjerast permanente.
 

Emneord: Arbeidsforhold, Rekruttering Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 3. nov. 2010 14:06 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere