Misforstått internasjonalisering

Nokre fagmiljø ser ut til å tru at satsinga på internasjonalisering vil seia at det er fritt fram å annonsera ledige stillingar på engelsk i norske aviser. Dette er misforstått internasjonalisering.

SPRÅKMELDING: Professor Helge Hveem la fram språkmeldinga "Snart to hundre" i mars 2006. I meldinga gjekk utvalet inn for tiltak som skulle byggja opp under utviklinga av eit norsk fagspråk, men med parallell bruk av engelsk og andre framandspråk der det er naturleg. (Arkivfoto)

Foto: Ståle Skogstad

Det er svært bra at UiO sin nye strategiske plan legg så stor vekt på internasjonalisering som den gjer. Me synest også det er flott at Universitetsstyret tok ad notam innspela om at den burde leggja endå større vekt på formidling, og ikkje lata formidlinga drukna i iveren etter å fokusera på innovasjon.

Slik sett har Universitetsstyret også fylgd oppfordringa frå leiarplass i Uniforum om å lata Universitetet i Oslo stå på fire bein i staden for tre bein. Dermed blir dei fire hovudsøylene til UiO forsking, undervisning, formidling og innovasjon.

Likevel noterer me oss at nokre fagmiljø ser ut til å tru at satsinga på internasjonalisering vil seia at det er fritt fram å annonsera ledige stillingar på engelsk i norske aviser. Sist såg me det i førre veke då UiO hadde ei heil side med engelskspråklege stillingsannonsar i Aftenposten. At dei annonserer desse ledige stillingane på engelsk i utanlandske aviser og tidsskrift er sjølvsagt heilt på sin plass. Men det er misforstått internasjonalisering berre å laga ein engelskversjon av desse stillingsannonsane.

Fleire av sentra for framifrå forsking har nettsider som berre er på engelsk. For utviklinga av eit godt norsk fagspråk er det viktig at dei også har ein norsk versjon av nettsidene sine. Dei får trass alt pengane frå Noregs forskingsråd og Kunnskapsdepartementet.

Det er viktig å slå ring om eit norsk fagspråk, både på bokmål og nynorsk. Difor bør alle einingar på UiO påleggjast å skriva alle stillingsannonsar som skal publiserast i norske aviser, på norsk. Me tvilar sterkt på om franske eller spanske universitet vil annonsera dei ledige stillingane sine på engelsk i franske eller spanske aviser eller la einingane sine berre ha nettsider på engelsk. I dag har mange einingar berre engelskspråklege nettsider. Etter vår oppfatning bør alle einingar også ha nettsider i norsk versjon.

Me er heilt visse på at alle einingane ved UiO har god nok kompetanse på norsk språk til at dette let seg gjera. I motsett fall bør dei få språkleg assistanse frå Sentraladministrasjonen, i alle fall så lenge UiO ikkje ser seg råd til å etablera eit eige språkkompetansesenter saman med Høgskulen i Oslo.

For eit nasjonalt og internasjonalt universitet som UiO bør det vera like viktig å bruka norsk som å bruka engelsk og andre utanlandske språk når det er naudsynt.

Å ta vare på den språklege nasjonalarven er også viktig for eit internasjonalt toppuniversitet. Eit pålegg om bruk av norsk i stillingsannonsar og på nettsider kunne vera eit godt steg i rett retning.
 

Emneord: Språkpolitikk, Språk, Strategisk plan Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 6. mai 2010 00:01 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere