Internasjonalisering same kva det kostar?

Om ikkje det er mogleg å be om meir, så kunne Teknisk avdeling kanskje ha gjort eit unntak for internhusleiga i jubileumsåret 2011. Då er jo målet at det skal vera masse liv og aktivitetar på Blindern og på resten av universitetsområdet.

I dagens utgåve av Uniforum gir dei to lingvistikkprofessorane Hanne Gram Simonsen og Elizabeth Lanza klart uttrykk for at det er for dyrt å arrangera internasjonale konferansar på UiO. Dei viser til at arrangørane vanlegvis er eit institutt som åleine må stå ansvarleg for dei alle utgiftene i samband med den internasjonale konferansen.

Koordinator Elizabeth Lanza vedgår at ho ikkje hadde rekna med at det ville ha kosta noko særleg meir enn overtid til reinhald og vakthald å ha konferansen om fleirspråklegheit på Blindern. Då priskravet på 240 000 kroner kom, blei ho difor mildt sagt overraska. Andre konferansearrangørar har av ulike årsaker valt å ha konferansar utanfor UiO, ikkje berre på grunn av prisen, men også fordi det kan vera meir praktisk.

Når dei ser kva dei som likevel vel å ha konferansar på Blindern må betala, finn dei ut at dei like godt kan halda fram med å halda konferansar på hotell og i andre eksterne lokale. Det var røynsla lingvistikkprofessor Hanne Gram Simonsen gjorde med den internasjonale konferansen om klinisk lingvistikk i juni i år. Den blei halden på Holmenkollen Park Hotell for 400 000 kroner, inkludert lunsj for 200 deltakarar, på eit arrangement som varte i tre og ein halv dag.

Elizabeth Lanza og Hanne Gram Simonsen blei i 2006 oppfordra av universitetsleiinga til å seia ja til internasjonale konferansar og arrangement i jubileumsåret 2011. Det er difor forståeleg at dei har sagt ja til å ta på seg slike store tilskipingar. Elizabeth Lanzas konferanse får 100 000 kroner i støtte frå Fritt Ord, men dette er pengar som kunne ha vore brukt på andre ting, om dei hadde betalt mindre i internhusleige.

Uniforum har stor forståing for at UiO og Teknisk avdeling har behov for å ha inntekter til drift av bygningane og eventuell utbetaling for overtid. Om ikkje det er mogleg å be om meir, så kunne dei kanskje ha gjort eit unntak for internhusleiga i jubileumsåret. Då er jo målet at det skal vera masse liv og aktivitetar på Blindern og på resten av universitetsområdet. Det kunne ha vore ei fin jubileumsgåve til alle på UiO.

 

Emneord: UiOs 200-årsjubileum, Internasjonalisering, Lingvistikk, HF: nytt institutt for språk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 18. nov. 2010 11:47 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere