Ingen grunn til begeistring

Det er ingen grunn til å krisemaksimera situasjonen for universiteta og høgskulane i Noreg, samanlikna med situasjonen i land som me gjerne likar å samanlikna oss med, som til dømes Storbritannia og USA.  

BUDSJETTPRESENTASJON: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen og forskingsminister Tora Aasland presenterer forslaget til statsbudsjett for 2011.

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo får ei løyving på 4,297 milliardar i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2011. I desse tala er det inkludert 210 nye studieplassar og 45 millionar kroner til fase 2 i rehabiliteringa av sentrumsbygningane.

Prorektor Inga Bostad synest budsjettet er eit lite steg i rett retning, sjølv om det ikkje er realvekst i løyvingane til universitets- og høgskulesektoren. No håpar ho på betre tider etter jubileumsåret 2011. Reaksjonen til prorektor Inga Bostad er slik den bør vera. For det er ingen grunn til å krisemaksimera situasjonen for universiteta og høgskulane i Noreg, samanlikna med situasjonen i land som me gjerne likar å samanlikna oss med, som til dømes Storbritannia og USA.

I Storbritannia ventar universiteta forslag om kutt i dei statlege overføringane på opp til 35 prosent. Så der er ikkje spørsmålet kor mykje pengar ekstra dei får, men kor mykje mindre dei får i høve til tidlegare år. Om to veker avslører den britiske regjeringa innhaldet i hestekuren som ingen av dei britiske universiteta vil sleppa unna.

Det paradoksale er at investeringane i forsking og høgare utdanning i Noreg kan koma meir på linje med investeringane i Storbritannia fordi det kjem til å bli kutta i dei statlege overføringane der. Dermed er det nok å gi den norske universitets- og høgskulesektoren ein auke som tilsvarar lønns- og prisstiginga for å kunna ta igjen litt av forspranget som det britiske universitetssystemet tradisjonelt har hatt. Der har dei i tillegg ganske høge studieavgifter for internasjonale studentar utanfor EU, ikkje minst frå kinesiske studentar og ein del færre norske. Britiske akademikarar og næringslivsleiarar slår no ring om universiteta og fryktar at den liberalkonservative regjeringa til David Cameron kan vera i ferd med å rasera eit av verdas beste universitetssystem.

Den amerikanske delstaten California har lenge vore inne i ei djup krise. Også der har dei statlege universiteta blitt bedne om å bruka sparekniven. Det vil utan tvil råka forskinga og undervisninga ved eit av verdas beste universitet, Berkeley utanfor San Francisco.

Det er truleg oljeinntektene som reddar Noreg frå å hamna i den same økonomiske krisa som andre land i Europa og USA. Dei vil ikkje vara evig, så difor er det viktig at dei blir investerte i kunnskap, altså i forsking og høgare utdanning. På den måten kan me seia at regjeringa er på rett veg. Men då må det også opprettast fleire stipendiatstillingar. Det finst ikkje pengar til dette på budsjettforslaget for neste år.

Om regjeringa meiner alvor med vidare satsing på forsking, må den visa det ved å investera pengar i framtidas forskarar frå budsjettåret 2012. Denne gongen var det altså ingen grunn til stor begeistring.
 

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 6. okt. 2010 13:22 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere