Heile sanninga må fram!

Samarbeidsproblema kan i verste høve ha gått ut over i kva grad rektoratet hadde høve til å markera Universitetet i Oslos interesser overfor dei løyvande styresmaktene og i samfunnsdebatten.

DET GAMLE REKTORATET: Tidlegare viserektor Inga Bostad, tidlegare rektor Geir Ellingsrud og tidlegare prorektor Haakon Breien Benestad entrar UiOs årsfest i 2008.

Foto: Yngve B. Vogt

For nokre dagar sidan vitna tidlegare prorektor Haakon Breien Benestad i Oslo tingrett om at han hadde fått ei irettesetjing frå tidlegare rektor Geir Ellingsrud etter at han på eit rektoratmøte hadde tilbydd seg å mekla i striden mellom mellomalderprofessor Arnved Nedkvitne og UiO. Årsaka var at han skulle ha brote teieplikta som tenestemann fordi han hadde diskutert den moglege medisinske tilstanden til mellomalderprofessoren med ein legekollega.

Breien Benestad har leidd arbeidet med å utarbeida ti bod for forskingsetikk ved UiO. Dessutan er han utdanna lege og har vore tilsett som medisinprofessor ved UiO i mange tiår. Det er difor vanskeleg å tru at han ikkje visste kvar grensa for teieplikta gjekk, då han diskuterte helsetilstanden til Nedkvitne med den tidlegare kollegaen sin. No ynskjer ikkje Haakon Breien Benestad å uttala seg meir om saka ut over det som kom fram i Oslo tingrett. Dagen etter vitna tidlegare rektor Geir Ellingsrud, og han stadfesta det som Breien Benestad hadde fortalt i retten.

Breien Benestad kom samtidig inn på at forholdet mellom dei to øvste tillitsvalde ved UiO hadde vore svært dårleg også før dette skjedde. Det kan godt henda at Breien Benestad hadde gått over streken, då han diskuterte Nedkvitne med ein legevenn. Men det verkar som ein overreaksjon å gi han ei irettesetjing og truga med å gi han sparken som prorektor av den grunn.

Difor bør det tidlegare rektoratet med Geir Ellingsrud i brodden koma ut i ope lende og fortelja heile historia om det som skjedde. For oss som ikkje var midt oppe i konflikten, verkar det rart at dette var naudsynt. Både Geir Ellingsrud, Haakon Breien Benestad og tidlegare viserektor Inga Bostad bør også seia meir om kvifor det var så vanskeleg å samarbeida for dei som sat i same rektorat. Det kan ha ført til at den valde leiinga ved UiO hadde vengestekt seg sjølv og at makta i stor grad var overlaten til den administrative leiinga.

Samarbeidsproblema kan i verste høve ha gått ut over i kva grad rektoratet hadde høve til å markera Universitetet i Oslos interesser overfor dei løyvande styresmaktene og til å delta i samfunnsdebatten. Alle sider av desse samarbeidsproblema bør difor koma fram.

Kanskje det bør oppnemnast eit eige granskingsutval for å finna ut kva det var som eigentleg skjedde. Det gamle rektoratet skuldar i alle fall heile universitetssamfunnet å gi oss eit omfattande svar på dette.
 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 21. jan. 2010 09:36 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere