Frå provokasjon til seriøs Eia-debatt

Programserien ”Hjernevask” har på godt og vond fått fart på forskingsdebatten i Noreg. Og då handlar det ikkje om pengar, men om forholdet mellom ulike forskingsdisiplinar. Dermed har Eia-debatten gitt opphavsmannen Harald Eia ein plass i ”forskingshistoria”.

Det første programmet begynte eigentleg med ei fortent eller ufortent avsløring av mannsforskar Jørgen Lorentzens haldning om at alt handlar om miljø og nesten ingenting om biologi. Verken han sjølv eller andre tykte han kom noko særleg godt frå intervjuet med Harald Eia. Men både Harald Eia og Jørgen Lorentzen skal ha honnør for at dei har klart å setja Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved UiO på kartet.

Det er eg viss på at teologiprofessor og senterleiar Jorunn Økland er glad for, sjølv om programmet har fått fleire til å hevda at kjønnsforsking ikkje er seriøs forsking.
I dagens utgåve av Uniforum går Jorunn Økland i rette med desse kritikarane og viser at både internasjonale evalueringar og EU gir gode karakterar til den forskinga som blir utført ved senteret. Samtidig deltar dei tilsette dagleg i samfunnsdebatten. ”Hjernevask”-serien har truleg gitt dei litt ekstra drahjelp, og interessa for forholdet mellom sosiologi og biologi er blitt aktualisert på nytt, 20 år etter sosiobiologidebatten på 1980-talet.

Rundt 350 personar var til stades i eit smekkfullt auditorium då ”Frukost med Bernt” for ei veke sidan inviterte til ein debatt om forholdet mellom dei to faga. Biologiprofessor Dag O. Hessen slo fast at etter ein litt uheldig start hadde programserien ”Hjernevask” utvikla seg positivt og skapt ein god og naudsynt debatt om forholdet mellom sosiologi og biologi, og om det er arv eller miljø som er viktigast for korleis eit menneske utviklar seg.

Tidlegare statsråd Gudmund Hernes kunne visa til at sosiologen og ideologen Karl Marx lærte av biologen Charles Darwin då han la fram teoriane sine i Kapitalen. I det siste programmet om rasar og folkegrupper var det den amerikanske forskaren og den irske forskaren som insisterte på IQ-skilnader mellom ulike folkegrupper som kom dårlegast ut.

Den som kom best ut, var den norsk-afrikanske IT-ingeniøren Sam Mendy som etter mange år i Noreg enno ikkje hadde fått seg jobb, men som likevel understreka at det ikkje var på grunn av rasisme. Han meinte derimot at arbeidsgjevarar som hadde tilsette med afrikansk bakgrunn, blei rekna som meir useriøse som dei som ikkje hadde det. Likevel har han ikkje gitt opp. Historia hans fekk Harald Eia på gråten.

I dag går søknadsfristen for søkjarar til universitet og høgskular ut. Det blir spennande å sjå om interessa for å studera biologi og sosiologi har auka etter Eia-debatten.

 

Emneord: Forskningsformidling, Kvinne- og kjønnsforskning, Biologisk institutt, Statsvitenskap Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 15. apr. 2010 14:54 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere